Daniel Haga: - To påstandar slo meg i bakken

Tidlegare konstituert direktør Daniel Haga har forklart seg i Inntrøndelag tingrett i formiddag. Han avviste at nokon hadde forsøkt å påverke han til å støtte Hjelset, og avviste samstundes at han sjølv hadde påverka nokon. Han kommenterte også påstandar om korrupsjon..

Daniel Haga

Daniel Haga var konstituert administrerande direktør etter at Trond Michael Andersen gjekk frå stillinga si.

Foto: Terje Reite / NRK

Daniel Haga var konstituert administrerande direktør i innspurten fram mot vedtaket om nytt felles sjukehus blei gjort. I dag er han direktør for samhandling i Helse Midt-Noreg.

Haga tok tidleg i forklaringa si avstand frå at han har prøvd å påverke prosessen til fordel for Hjelset.

– Eg gav ikkje på nokon måte uttrykk for kva eg meinte om lokaliseringsstad for det nye sjukehuset, sa Haga.

Han karakteriserte prosessen fram mot vedtaket som eit puslespel. Det var ei stor og omfattande utgreiing som kom i fleire puljar.

– Nokre brikker blei lagde hit og nokre dit. Etter kvart teikna det seg eit bilete av kva retning dette gjekk i. Vi var komne eit stykke ut i november før eg byrja å nærme meg ein konklusjon, sa Haga.

Inntrøndelag Tingrett, Steinkjer

Haga forklarte at det var rekrutteringa til sjukehuset i Molde i interrimsfasen som blei avgjerande. Han frykta dermed at det skulle bli mangel på kompetente fagfolk ved sjukehuset i Molde om sjukehuset skulle bli lagt til Storbakken i Kristiansund.

– Eg opplevde at denne risikoen ikkje blei teken nok høgde for, sa Haga.

Rundt 18/19 november ringde Haga til Astrid Eidsvik for å fortelje henne at han hadde ein førebels konklusjon i tomtevalet. I følgje Haga var prosessen komen så langt at dette måtte kommuniserast om dei skulle ha sjanse til å kome fram til ein felles konklusjon.

– Eg valde å ringe Astrid for å sikre meg om at ho visste kva eg skulle seie i min førebelse konklusjon, i den grad styret skulle spørje etter det. Det var viktig at ho skulle høyre det frå meg og ikkje frå andre, sa Haga.

Haga blei spurt om han på nokon måte blei pressa til å gå inn for Hjelset. .

– Ingen har forsøkt å presse meg, sa han.

Haga har også vanskeleg for å sjå at han blei henta inn som direktør fordi han kom til å støtte Hjelset. Han hevda at han ikkje hadde flagga noko standpunkt. Dessutan var han sjukmeld på det tidspunktet Trond Michael Andersen gjekk frå jobben som administrerande direktør.

– Eg var sjukmeld og eg såg ikkje føre meg at eg skulle inn i denne posisjonen. Men eg vart kontakta av styreleiar med beskjed om at dei trengde ein som kjende organisasjonen.

Haga forklarte seg om den avsluttande prosessen fram mot vedtaka tre påfølgjande dagar i desember. Det var eit mål om at administrasjonane i Helse Møre og Romsdal og Helse Midt-Noreg skulle legge fram samanfallande innstillingar om dette var mogleg. Men det var også eit alternativ at det blei lagt fram motstridande innstillingar

På eit tidspunkt var det klart at Eidsvik og Haga ikkje kom til å bli samde.

– Då ville eg ta ein telefon til min styreleiar Ola Strand. Eidsvik forsøkte å få kontakt med sin styreleiar. Ola sa at han meinte vi burde prøve meir. Han såg ikkje vekk frå at styret i Helse Midt-Noreg ville hamne på Hjelset.

Slik Haga framstilte det, var det på dette tidspunktet at temperaturen i møtet verkeleg steig.

– Astrid Eidsvik blei sint og oppgitt. Ho hevda og likte ikkje at Helse Midt-Noreg hadde konkludert utan at ho hadde fått lagt fram si vurdering.

Haga forklarte at han la vekt på at alle hadde hatt tilgang til rapportane med mykje informasjon. Men han meinte det også var rett at styreleiaren i Helse Midt-Noreg, Ola Strand, ikkje hadde fått høyre Astrid Eidsvik sin argumentasjon direkte.

Dermed blei det arrangert møte på Gardermoen neste dag. I samband med dette møte har det vore hevda at Strand opplyste at han hadde snakka med helseminister Bent Høie, og at Høie hadde signalisert at det var greitt å velje Hjelset.

– Nei dette er ikkje korrekt. Og dette har vore svært vanskeleg. Det har kome mange påstandar. Og to av dei har slått meg til bakken, sa Haga.

Den første påstanden kom under det direktesende styremøtet i Helse Møre og Romsdal. Her blei ordet korrupsjon brukt i samband med avgangen til Astrid Eidsvik.

– Denne påstanden er det ikkje hald i, sa Haga.

Det andre var påstanden om at han skulle ha referert til ein samtale Ola Strand skulle ha hatt med helseministeren at det var greitt å gå inn for Hjelset.

– Dette er godt dokumentert i referat frå møtet, sa Haga og avviste at han hadde brakt vidare påstandar om at Høie hadde velsigna ei plassering på Hjelset.

Haga avviste at han pressa Eidsvik på nokon måte. Det blei arrangert møte for å sjå om dei to var i stand til å bli samde. Men, ifølgje Haga, var det eit tydeleg alternativ at dei ikkje kom til å bli samde, og at det då kunne leggjast fram ulike innstillingar.

– Eidsvik gav sterkt uttrykk for at ho tykte situasjonen var vanskeleg. Og det meiner eg at eg forstod. Etter kvart fortalde ho også at ho hadde lest seg opp på kva vilkår ho hadde om ho skulle slutte. Eg kan ikkje seie at ho på noko tidspunkt blei pressa til å skifte standpunkt. Men det var mykje diskusjonar om kva som skulle vektast, sa Haga.