– Det er kona som står for all julegåvehandelen, sånn er det, seier John Hveding.
Han er på handletur i Kristiansund. Men sjølv står han utanfor butikken, mens hans betre halvdel gjer seg ferdig inne.
– Damene er flinkare veit du, dei veit kva folk ønsker seg, seier Hveding.
– Kva hadde skjedd om du stod for gåveinnkjøpet?
– Nei det hadde ikkje gått bra. Då hadde dei truleg fått noko dei ikkje ønsker seg.
Kvinner kjøper fleire gåver
Sosiolog Anita Borch ved Oslomet har forska på juletradisjonar og gåver. Ho stadfestar at det i stor grad er damene som har hovudansvaret for julegåvehandlinga.
– I jula så er det tradisjonelle kjønnsrollemønster som gjeld. Vi pakkar det ned med julepynten, og pakkar det fram igjen til jul, seier Borch.
Sosiolog Anita Borch forskar ved universitetet Oslomet.
Foto: Emrah Senel / NRKKvinner gir gåver til fleire ulike type mottakarar enn menn, ifølge ei undersøking dei gjorde i 2018. Slik som til andre vaksne slektningar, andre sine barn, venner, kollegaer og kjæledyr.
Altså relasjonar ein i mindre grad er forventa å gje gåver til.
– Kvinner kjøper mange fleire gåver enn menn, og dei startar også mykje tidlegare på året. Dei har stort sett ansvaret for juleførebuingane, fortel Borch.
96 prosent av nordmenn gir bort minst éi julegåve, ifølge ei Oslomet-undersøking frå 2018. Kvinner gir likevel bort langt fleire.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRKHo forklarar at å gje julegåver tradisjonelt har blitt sett på som ein type omsorgsarbeid, i tillegg til at mykje handlar om å bevare band til slekta. Tradisjonelt sett har dette vore noko kvinner har tatt meir ansvar for.
– Overraskar dette deg som sosiolog, at dette står så sterkt i 2021?
– Eigentleg ikkje. Ein god jul er ein tradisjonell jul, derfor gjer vi omtrent som vi har pleid å gjere. Då går utviklinga seint, seier Borch.
Eit ansvar for begge
For Thor Martin og Sunniva Hegglum i 20-åra er det koseleg å samarbeide om handlinga, og det gjer dei i stor grad.
– For meg er det heilt naturleg at det er eit ansvar som ligg på begge i dagens samfunn, seier Thor Martin Hegglum.
Sunniva og Thor Martin Heglum er på handletur på Storkaia kjøpesenter i Kristiansund.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRKKjønnsroller endrar seg i takt med generasjonsskifte. Det trur forskaren også gjeld for gåveinnkjøp.
– Menn har fått ein større symbolsk kompetanse og veit kva ting betyr. Dermed kjenner dei seg tryggare i julegåvehandel, seier Anita Borch.
Thor Martin trur likevel kona tar eit litt større ansvar enn han, noko Sunniva også gjer innanfor si eiga familie.
– Han har søstrer som hjelper han litt. Mens eg har tre brør, og då er det ofte eg som kjøper gåve til mamma og pappa, så vippsar dei då, seier Sunniva Hegglum.