Hopp til innhold

Dale kom på bana – så kutta Ålesund bompengeprosjekt med over tre milliardar

ÅLESUND (NRK): Eit utspel frå samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) vart avgjerande for at eit gigantisk bompengeprosjekt i Ålesund nesten vart halvert.

Frank Sve taler på bompengedemonstrasjon i Ålesund

NEI OG ATTER NEI: Fylkesleiar Frp, Frank Sve, ville ikkje berre ha ned prisen på bypakken frå sju til fire milliardar kroner. Han ville ha null kroner i bompengar. Slik vart det ikkje, sjølv om bypakken vart redusert.

Foto: Øyvind Sandnes

Fleirtalskoalisjonen i bystyret i Ålesund beståande av Arbeidarpartiet, SV, Miljøpartiet Dei Grøne og KrF fekk nemleg torsdag kveld gjennom ein bypakke til om lag 3,6 milliardar kroner – rett nok også med støtte frå andre representantar.

Og rett nok utan at alle var heilt einige om at prisen er nettopp 3,6 milliardar kroner. Andre hevda at prisen kjem til å ende på 4,3 milliardar.

Men fleirtalskoalisjonen hadde først sett for seg ei løysing til nærare sju milliardar kroner.

Så kom Jon Georg Dale på bana.

Rundkjøring ved Moa i Ålesund

Frå ei rundkøyring mellom Vegsund og Moa i Ålesund. Dette området kan bli ein del av den nye bypakken i Ålesund.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK Luftfoto

– Dale var tydeleg

31. mai, tre dagar etter at formannskapet hadde vedtatt ein omstridd bypakke til 6,9 milliardar kroner (med 70 prosent bompengar), varsla samferdselsministeren via Sunnmørsposten sin motstand.

Jon Georg Dale

Samferdselsminister Jon Georg Dale.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Han ville ikkje akseptere ein pakke som var større enn det Ålesund-politikarane hadde gått for i 2016, altså ei løysing til tre milliardar kroner.

– Ålesund kommune har tidlegare søkt råd i departementet om kva som er eit akseptabelt bompengenivå. Dette har ikkje endra seg, sa Dale til avisa.

Brosundet i Ålesund

Brosundet i Ålesund er eit av områda der trafikken hopar seg opp i rushtida.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK Luftfoto

Deretter fekk pipa ein annan lyd frå fleirtalskoalisjonen i bystyret i Ålesund.

Onsdag kom det fram at dei dagen etter ville foreslå å redusere bypakken med om lag tre milliardar. E39 Breivika-Vegsund og Brosundtunnelen er tatt ut av bypakken.

Den nye pakken skal føre til mindre bompengar og kortare nedbetalingstid.

– Når samferdselsministeren er så tydeleg som han er, så hadde det vore ein risiko av dimensjonar å prøve å trumfe dette gjennom, sa varaordførar Tore Johan Øvstebø (KrF).

Og det vart altså inga trumfing frå Ålesund-politikarane si side. 26 av 47 i bystyret røysta for bypakken til 3,6 milliardar.

Bompengedemonstrasjon i Ålesund

Frå demonstrasjonen i Ålesund. Det var ingen parti som arrangerte demonstrasjonen, men ein gjeng som kalla seg vanlege familiefedrar.

Foto: Øyvind Sandnes

– Vårt dyre fedreland

Motstand mot bompengar har vore ei heit sak i Norge i heile år. No har altså temaet også sett sitt preg på Sunnmøre.

Om lag 300–400 personar møtte fram til ein demonstrasjon utanfor Ålesund rådhus like før det avgjerande bystyremøtet torsdag. Politikarar for høvesvis Dei Kristne, Raudt og Framstegspartiet tala under seansen.

Øyvind Årdal

Øyvind Årdal i Dei Kristne.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Vi er verdas rikaste land. Vi har råd til vegar. Bruk oljepengar, og ikkje vedta ein ny usosial skatt. Gud signe vårt dyre fedreland, sa Øyvind Årdal – med vekt på «dyre», tilsikta eller ei.

Bompengedemo Ålesund

Michael Molnes viste kva han meinte om bompengar under demonstrasjonen i Ålesund.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Men trass i at bypakken vart redusert med over tre milliardar kroner sa ikkje bompengemotstandarane seg nøgde.

– Det er berre ein luremåte å få vedtatt alt på. Først kjem steg 1. Og så kjem steg 2 seinare. Dette er ei kvasiløysing. Fleirtalskoalisjonen i Ålesund har fått panikk, sa Frank Sve (fylkesleiar i Frp) til NRK like før bystyremøtet starta.

Frp-politikar Håkon Strand kalla på si side bypakken for «landevegsrøveri» under behandlinga i bystyret.

– Bompengar rammar dei svake. Dei rikaste betalar like mykje som dei fattige, sa Strand.

Christian Lundbye, Roar Pedersen og Marcus Lilleeide

Christian Lundbye, Roar Pedersen og Marcus Lilleeide stod bak demonstrasjonen. – Vi vil sende eit signal til regjeringa om at bompengar ikkje er greitt, seier Lundbye til NRK.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK