Hopp til innhold

– Utspelet kjem etter opplysningar frå sikre kjelder

Torgeir Dahl får på kjeften etter utspelet om at han veit at Sosial- og helsedepartementet har bestemt seg for at det nye sjukehuset ikkje skal ligge nær sentrum i Molde. No gjentek han påstanden, og seier han byggjer på sikre opplysningar.

Torgeir Dahl

Torgeir Dahl held fast ved påstandane om at Helsedepartementet har bestemt seg for at sjukehuset ikkje skal byggjast sentrumsnært i Molde.

Foto: Roar Strøm / NRK

Administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Astrid Eidsvik, tek skarp avstand frå påstandane om at Sosial- og helsedepartementet alt har bestemt seg.

– Det er heilt feil slik som Dahl hevdar, at prosessane som eg er ansvarleg for vart styrt av departementet. Det har aldri vore tilfellet, seier Astrid Eidsvik til NRK.

I dag tek Molde-ordførar Torgeir Dahl opp att påstandane. Og han gjentek at han har sikre kjelder på at departementet styrer prosessen, slik at det ikkje blir sentrumsnært sjukehus i Molde.

Det kom eit direkte signal frå departementet til Helse Midt-Noreg. Dette la tydelege føringar på kva som var akseptabelt og kva som var mogleg i denne saka, seier Dahl torsdag.

– Men kvar har du dette frå?

– Eg har det frå sikre kjelder, eg har det direkte. Eg kan ikkje gå ut med kven denne kjelden er.

– Men burde du ikkje gå ut med kjelden, når Astrid Eidsvik seier at dette er feil?

– Nei, eg kan ikkje gjere det. Eg har lovt at eg ikkje skal gjere det. Dersom eg gjorde det, har eg ikkje nokon kjelder for framtida, seier Dahl til NRK.

Torgeir Dahl seier at han treng denne kjelden for å vere informert om kva som skjer på høgste hald i saka. Han stadfester at dette er ein sentral kjelde, høgt oppe i systemet.

Det er det sjølvsagt, seier Dahl.

Direktør Astrid Eidsvik sa til NRK onsdag at utspelet til Dahl kan skade prosessen med å få bygt nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal.

– Det vil eg hevde. Det blir sådd tvil om prosessane våre. Vi gjer eit seriøst, fagleg arbeid. Ynsket vårt er å få til gode relasjonar mellom dei ulike fagmiljøa, og når vi får slike utspel i fleisen kan slike ting bli vanskelegare for oss å handtere, seier Astrid Eidsvik.

Torgeir Dahl er ikkje samd i dette. Han avviser tvert imot at prosessen blir øydelagt, og seier at han berre opplyser om kva som ligg til grunn for det arbeidet som no blir drive i denne saka.

Dei politiske partia har så smått byrja valkampen, og Torgeir Dahl trur sjukehussaka kan ta ei ny vending om dei borgarlege partia inntek regjeringskontora.

– Då vil det bli faglege kriterium som blir lagt til grunn. Det har to dimensjonar. Det er helsefag og det er samfunnsfag. Dersom ein legg vekt på dette, kjem sjukehuset til å ligge bynært Molde, hevdar Dahl.