NRK Meny
Normal

Dagsenter får halde fram etter folkeaksjon

Politikarane har høyrt protestane frå folk og gir dagsenteret for eldre i Sykkylven eit pusterom.
Senteret får no halde ope også etter fellesferien.

Dagsenteret for eldre i Sykkylven blir likevel ikkje stengt etter ferien. Eit ekstraordinært kommunestyremøte oppheva freda vedtaket om nedlegging. Administrasjonen skal prøve å finne en måte å drive senteret videre på.

Sjå TV-reportasjen: 1500 underskrifter frå lokalsamfunnet og eit ekstraordinært kommunestyret møte hindra at dagsenteret i Sykkylven vert lagt ned etter ferien.

Reidar Velle

Reidar Velle (81) har vore blind heile livet. På dagsenteret kan han lytte til andre og jobbe med materiale som han kjenner frå då han jobba på møbelfabrikk.

Foto: Brede Røsjø / NRK

Dagsenteret for eldre i Sykkylven blir likevel ikkje stengt etter sommarferien. Eit ekstraordinært kommunestyremøte måndag oppheva vedtaket om nedlegging. Samrøystes vedtok dei å utsette avgjerda om dagsenteret til september. Administrasjonen skal i mellomtida prøve å finne ein måte å drive senteret vidare på.

– Vi får håpe det vert eit godt resultat, seier Reidar Velle (81) som er ein av dei faste brukarane av senteret.

Protestane nådde fram

Kommunestyremøte i Sykkylven

Det skulle eigentleg ha vore eit formannskapsmøte, men ein underskriftskampanje sørga for at eit heilt kommunestyre stilte i saka om Sykkylven bu- og aktivitetssenter (BUAS).

Foto: Brede Røsjø / NRK

Ein pressa kommuneøkonomi gjorde at kommunestyret vedtok å legge ned drifta av dagsenteret for å spare 800 000 kroner. 13. juni meldeNRK at vedtaket om å leggje ned dagsenteret var endeleg, men det hindra ikkje innbyggjarane i Sykkylven som umiddelbart sette i gong ein storstilt folkeaksjon.

Over 1500 underskrifter var meir enn nok til at formannskapet blei tromma saman til ekstraordinært møte. Dei samla seg om eit felles forslag som like etter – ved bruk av hasteparagrafen – blei vedtatt i ekstraordinært kommunestyre. Dagsenteret blir dermed ikkje stengt med det første.

Ut året

Petter Lyshol

Sykkylvsordførar Petter Lyshol (H), seier kommunen vil sjå på alternative løysingar som kan hindre dagsenteret deira i å bli lagt ned.

Foto: Brede Røsjø / NRK

– Vi forsøker å få drifta til å gå ut året. Det kjem eit nytt budsjett og vi kan få litt tid til å omrømme oss. Vi ser at eit ope dagsenter er eit strengt krav frå innbyggjarane våre, og det må vi ta på alvor, seier ordførar Petter Lyshol (H).

– Trur du at de vil klare å finne midlar som gjer at de klarar å halde dette ope over tid?

– Vi luftar no ulike forslag. Til dømes kan dette dreie seg om å innføre brukarbetaling og endring av opningstidene. Det skal vi finne ut av til hausten, seier Lyshol.

Eit pusterom blir det iallfall for brukarar og tilsette ved dagsenteret.

– Eg er veldig glad på vegner av brukarane at dei no tek opp att saka og jobbar for å finne alternative løysingar, seier Anita Strømme som er leiar ved senteret.