Om alt går som det skal, vil det snart vere klart eit erindringsrom..
Dette rommet skal innreiast med gamle møbler, gamle bilde og gamle ting som skal bidra til at dei eldre kjem i den rette stemninga når dei vil snakke om gamle dagar.
Aktivitør Gerd Kirsti Bredeli Slåke seier eksempla er mange på at eldre kviknar til når dei får snakke om gamle ting, som til dømes maten dei spiste på konfirmasjonsdagen sin.
Slåke håper at folk som har noko dei kan tenke seg å låne ut til dette rommet tek kontakt.
Dagsenteret vil også prøve å innleie samarbeid med barnehagar og skuler slik at dei kan kome og sjå korleis det var før i tida. Ho kan mellom anna tenke seg at noken av dei eldre viser korleis ein nytta eit vaskebrett før i tida.
Det var i morgonsendinga vår i dag at Slåke snakka om rommet, og trykker du på lydlenka så kan du høyre heile samtalen frå programmet.