Julestjerne og juleglede er populære blomstrar i desember, men nokre er så allergiske mot desse at det blir vanskeleg å gå i butikkar i desember.
Ragnhild Hovet eig Spar i sunnmørsbygda Sykkylven, og ho bestemte seg for fleire år sidan for at butikken skal vere julestjernefri.
– Eg trur det er fire, fem år sidan vi slutta å selje desse blomstrane. Kunden kjem først. Dei som er allergiske set stor pris på det, seier ho.
Elvira Eikrem likar julestjerne, men ho forstår at det er vanskeleg for dei med allergi i desember.
Foto: Olaug Bjørneset / NRKElvira Eikrem er ein av kundane i butikken. Ho synest julestjerne er ein veldig fin blomster, men forstår godt at Spar ikkje vil selje den.
– Mamma er allergisk, så ho synest det er veldig bra, fortel ho.
Og det er ikkje den einaste butikken i bygda som gjer dette. Også på Kiwi i Sykkylven er det julestjernefritt i desember.
Julestjerne er obligatorisk i mange heimar til jul.
Foto: Olaug Bjørneset / NRKApplauderer tilrettelegginga
Hogne Skogesal, assisterande generalsekretær i Norges Astma- og Allergiforbund.
Foto: PrivatNorges Astma- og Allergiforbund synest det svært bra at butikkane tar omsyn til dei allergiske utfordringane til kundane.
– Vi applauderer denne forma for tilrettelegging. Vi kjenner ikkje til andre daglegvarebutikkar som gjer det same, men håper det kan inspirere fleire, seier assisterande generalsekretær Hogne Skogesal.
– Dette produktet kan enkelt skaffast på blomsterbutikkar der kundane faktisk må forvente å kome i kontakt med denne typen planter, legg han til.
Positive tilbakemeldingar
Butikken har berre fått positive tilbakemeldingar på at dei ikkje sel juleblomstrane som mange er allergiske mot. Det seier kjøpmann på Spar Sykkylven, Håvard Elias Hovet Aas.
– Og så har vi ein fin blomsterbutikk rett opp i gata her, så dei som vil, kan lett få tak i julestjerne uansett, seier han.
Håvard Elias Hovet Aas seier allergiske kundar set pris på å kunne handle daglegvarer utan å bli utsett for julestjerne og juleglede i desember.
Foto: Olaug Bjørneset / NRK
Like ved driv Runa Welle «Welle Blomster og Gaver» som sel julestjerne, men som likevel prøver å kome allergikarane i møte.
– Vi har kundar har som seier dei ikkje torer å kome inn på grunn av allergien sin. Då møter vi dei gjerne utanfor butikken for å gi dei det dei vil ha.
Runa Welle har mange julestjerner i butikken no i desember.
Foto: Olaug Bjørneset / NRKFor henne er det viktig å kunne tilby kundane den populære juleblomsten.
– Det er jo den gamle, tradisjonelle juleblomsteren. Så eg håper den framleis lever i mange år framover, seier ho.