Dagbladet: Her er den nye politimeisteren

Dagbladet slår tysdag kveld fast at den nye politimeisteren for Møre og Romsdal heiter Ingar Bøen.

Ingar Bøen

Ingar Bøen blir ifølgje Dagbladet den

Foto: Politiet
Synnøve Hole
Journalist

Ifølgje Dagbladet har fleire kjelder stadfesta overfor avisa at politidirektør Odd Reidar Humlegård får det akkurat slik han ønskjer.

Det betyr at justis- og beredskapsminister Anders Anundsen ikkje kjem til å gjere endringar på lista som politidirektøren har sendt til departementet.

Dette inneber at Ingar Bøen blir ny politimeister i Møre og Romsdal, skriv Dagbladet. Bøen er i dag konstituert politimeister i Sunnmøre politidistrikt.

Det har lenge vore strid om den nye politimeisteren bør plasserast i Kristiansund eller Ålesund. Det er uklart om ei tilsetjing av Bøen inneber at hovudsetet dermed hamnar i Ålesund.

– Dramatisk avgjerd

Line Hoem

Gruppeleiar Line Hoem i Kristiansund (Ap) meiner det er dramatisk om den nye politimeisteren no blir lagt til Ålesund.

Foto: Rnuar Tafjord / NRK

Gruppeleiar Line Hoem (Ap) i Kristiansund var tysdag kveld ikkje informert om saka. Ho meiner det er dramatisk, dersom det viser seg å vere rett.

Det er dramatisk dersom vi misser politimeisteren. Sokkelberedskapen er så viktig for installasjonane på norskekysten. Dette argumentet har ikkje blitt vekta nok, seier Hoem.

Er du overraska?

Det er vanskeleg å seie, det var ingen stort forskjell mellom Kristiansund og Ålesund, men eg er nok meir fortvilt enn overraska, seier Hoem.

Seier det er for tidleg å tolke

Kjell Neergaard

Kristiansundsordførar Kjell Neergaard ber Ingar Bøen om å flytte til Kristiansund. Han meiner det førebels ikkje er gitt at politimeisteren blir plassert i Ålesund.

Foto: Trond Vestre / NRK

Ordførar Kjell Neergaard i Kristiansund seier det er vanskeleg å seie om ei avgjerd om å utnemne Ingar Bøen til politimeister inneber at det også er gjort eit val om stad.

Sjølv om det lett kan tolkast slik, er det for tidleg å seie. Han får heller flytte til Kristiansund, då, ler Neergaard og viser til at Ingar Bøen i dag er stasjonert i Ålesund.

Stor uro i fylket

Det har vore stor uro og debatt rundt plasseringa av politimeisteren i Møre og Romsdal. Fylkesordførar Jon Aasen (Ap) er ein av dei som har talt sterkt for Kristiansund, ved å vise til behovet for offentlege arbeidsplassar.

Hoem trur ikkje det blir rolegare dersom Kongen i statsråd fredag utnemner Ingar Bøen som politimeister i Møre og Romsdal.

– Nei, då blir det sterke protestar frå Nordmøre, slår ho fast.

Vil førebels ikkje kommentere

Ingar Bøen skriv i ein epost til NRK Møre og Romsdal at "ei utnemning no på fredag har ingen samanheng med plasseringa av hovudsetet. Det er to heilt sjølvstendige prosessar."

Han vil førebels ikkje kommentere kva han syns om at han fredag kan bli utnemnd til ny politimeister i fylket.

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.