Hopp til innhold

Då Yngvild fekk diagnose knuste ho ein rånebil

Kunstnar Yngvild Sæter fekk beskjed om at ho i verste fall kunne bli lam på grunn av ein deformasjon i hjernen. To dagar etter kjøpte ho ein rånebil, som ho knuste med gravemaskin.

Yngvild Sæter

Yngvild Sæter frå Surnadal kjøpte ein rånebil og demonterte den fullstendig. No blir den stilt ut som kunst i Molde.

Foto: privat

På golvet på Møre og Romsdal kunstnarsenter i Molde ligg fleire enorme, svarte skulpturar. Dei klumpete formene har ein gong høyrt til ein Audi 80 frå 1991, som har blitt brukt til råning i Rindal. Torsdag opnar utstillinga til kunstnar Yngvild Sæter frå Stangvik på Nordmøre. Ho ser for seg at verda har eksplodert og at ein rånebil har blitt slengt ut i verdsrommet.

Frykta å bli lam

Det var då hennar eiga verd heldt på å rase saman at ho fekk ideen til utstillinga. Under studia i Gøteberg, fekk ho berre meir og meir hovudverk. Ho jobba mest med film, men hovudverk og synsforstyrringar gjorde at ho ikkje klarte sitte framfor pc-en. I sommar fekk ho beskjed om at ho har ein deformasjon, som gjer at delar av lillehjerna pressar ned mot nakken. Chiari malformasjon heiter misdanninga.

– I verste fall kan det føre til at ein blir lam. Det var overveldande å få vite at det var ein liten sjanse for at det kunne skje. Min første reaksjon var at eg skal gjere noko stort som eg ikkje kan gjere dersom det verste skulle skje, seier Sæter.

Yngvild Sæter

Den gamle Audien er ikkje til å kjenne att etter at Yngvild Sæter laga skulpturar av den.

Foto: Roar Strøm / NRK

Øydela rånebil

To dagar etter at ho fekk diagnosen kjøpte ho ein rånebil, som ho og kjærasten Daniel Takacs demonterte med gravemaskin og skjerebrennar. Planen var å bruke bildelane som skulpturar. No skal skulpturane stillast ut.

– For meg personleg betyr prosjektet at eg kan vise for meg sjølv og andre at eg som ikkje kan noko om bil, får til å demonterte ein bil og lage noko kult av det, seier Sæter som er imponert over seg sjølv.

Like etter at ho kjøpe rånebilen fekk ho beskjed om det går fint med nakken og at ryggmargen ser fin ut.

– Det var ein enorm lettelse, seier Sæther. Ho ikkje treng behandling for Chiarien med det første, men må mest truleg gjennom ein operasjon etter kvart.

Eksotisk rånemiljø

30-åringen gler seg til utstillinga og håper at folk får i gang tankane etter å ha opplevd hennar krasja rånebil i verdsrommet. Sjølv har ho alltid vore fascinert over rånemiljøet, men har aldri blitt ein del av det.

– Eg var ikkje kul nok til å vere med, men har alltid sett på det som spanande og eksotisk, seier Sæter.