NRK Meny
Normal

Venene berga husdraumen frå å bli eit mareritt

BRATTVÅG, HARAM (NRK): Rett før familien skulle flytte inn i nytt hus fekk far prolaps, medan bestefar og begge døtrene måtte på sjukehus. Ingrid Korsnes Hildre (35) hadde aldri trudd kvar hjelpa skulle kome frå.

Per Martin Leinan, Ingrid Korsnes Hilde og døtrene Kristine (3) og Sigrid (6).

Per Martin Leinan og Ingrid Korsnes Hildre med døtrene Sigrid (6) og Kristine (3) gler seg no til å flytte inn i det nye huset i midten av juli. Ei stund såg det mørkt ut.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Ingrid Korsnes Hildre kjem aldri til å gløyme juni 2017. Det var den sommaren familien skulle få flytte inn i nytt hus. Men det var også då både mannen, faren og to døtrer blei sjuke – akkurat i det dei skulle til med innspurten på huset.

Tidspunktet passa maksimalt dårleg, slår 35-åringen nøkternt fast.

Gunvor Kjersem Hildre

Gunvor Kjersem Hildre var ei av dei som villig stilte opp for å hjelpe familien då dei kom i knipe.

Foto: privat

For familien hadde avtalt med byggfirmaet at dei sjølve skulle legge inn det dei klarte av eigeninnsats i ein firevekersperiode. Då skulle dei måle vegger, legge golv, gjere klart det elektriske og eit bad.

Men dei hadde ikkje tatt høgde for det uventa.

Operasjonar for store og små

Operasjonen til yngstejenta hadde vore planlagt i lang tid, men så fekk ektemannen problem med ryggen. Deretter braut eldstejenta handa på trampoline.

Dugnadsinnsats Brattvågen

Solveig Beadle pussa vegger i stova, for at familien skulle klare å flytte inn i juli, slik planen var før alle blei sjuke.

Foto: privat

På toppen av alt kom beskjeden om at også bestefaren måtte ta ein operasjon, og ikkje kunne hjelpe til. Då blei det heilt svart.

– Eg var så langt nede, eg var heilt fortvilt, seier tobarnsmora.

Kvar løysinga skulle kome frå, fatta ho ikkje, der ho sat og var heilt utsliten etter otte og mangel på søvn etter den åtte timar lange operasjonen til dottera. Treåringen har ryggmergsbrokk og sit i rullestol.

Venene stilte opp

Men heilt i det stille var det ei som forstod kva som måtte til.

Dugnadsinnsats i Brattvågen

Roger Dalhaug bidrog mellom anna med å pusse vegger på kjøkkenet.

Foto: privat

Via Facebook bestemte storesystera, Kari-Elin, seg for å mobilisere heile venegjengen. På kort varsel bestemte over 30 personar seg for å tilby måling, golvlegging, vasking, barnepass, matlaging og alt som måtte til. Og beskjeden fekk 35-åringen der ho sat på sitt mest fortvilte på St. Olavs i Trondheim.

– Då begynte eg å storskrike ute i resepsjonen. Folk trudde sikkert at eg hadde mist nokon nære, men det var berre den enorme letta og gleda over at folk er så snille, fortel ho.

Heller ikkje no klarer ho å tenkje på det, utan at tårene trillar og stemma brest.

Dugnadsinnsats

Martin og Jorunn Kjersem Hildre i full gang med fuging og måling i entreen og gjesterommet tidlegare i sommar.

Foto: privat

Ei lekse for livet

I løpet av nokre dagar fekk venene orden på huset. Både kjende og ukjende dukka opp, og framleis står fleire i kø for å vere med på innspurten. Planen er å flytte inn i midten av juli. Den uventa hjelpa som gjorde det mogleg, har lært Ingrid Korsnes Hilde ei lekse for livet.

Ein veit at alle har nok med sitt, alle har jobb, ungar, fotball og lekser. Men når ein først tør å be om hjelp, så står det ei kø med menneske som ønskjer og vil hjelpe, seier ho.

Sigrid Hildre Leinan (6) går ut i spagat

Sigrid Hildre Leinan (6) likar seg godt på det som skal bli kjøkkenet i det nye huset, saman med mamma og veslesystera Kristine (3). Her har vener måla, tapetsert, lagt varmekablar og golv og står klare til å installere lys i taket.

Foto: Synnøve Hole