– KORK skal få ekte ball frå Sunnmøre når dei kjem. Og så hadde dei ynskja seg svele, det har vi også laga, seier Astrid Øverlid.
Saman med fleire andre frivillige jobbar Øvrelid på kjøkenet på samlingshuset i Eiksund. På samlingshuset jobba bygdefolket saman for å gjere dei siste førebuingane før KORK kjem til bygda.
- LES OGSÅ:
Stort dugnadsarbeid
Frå og med søndag 18. mai, og fram til konserten i Hareidhallen laurdag 24. mai, vil NRK filme dugnaden, entusiasmen og folkelivet i området.
DUGNAD: På kjøkenet laga dei ball og sveler til både bygdefolket og KORK:
Foto: Silje Bjerknes / NRKDei siste vekene har heile bygda jobba saman for å førebu helgas konsert. Og i morgon er endeleg den store dagen her.
– Det ligg ganske mange timar førebuing bak dette, så det er mange menneske som har vore i sving seier Edel.
Både store og små har hjelpt til, og ein stor dugnadsjobb har blitt gjort både innandørs og utandørs i Eiksund.
– Det har vore veldig samlande for bygda. Både unge og gamle har tatt kontakt for å spørje om dei kan hjelpe til, så det har vore ei stor dugnadsånd, seier Øvrelid.
Eiksund har lenge hatt ein tradisjon for å jobbe saman, og for å arrangere aktivitetar som heile bygda kan ta del i. Ifølgje Morten Feiring i arrangementsgruppa, er slike arrangement viktige for bygda.
VIKTIG FOR BYGDA: Morten Feiring seier slike arrangement er viktige for å samle bygda.
Foto: Silje Bjerknes / NRK– Dette bidreg til å skape eit godt miljø. I tillegg skapar det entusiasme i bygda, og alle tek i eit tak, seier Feiring.
– Det skaper ei nærare tilknyting til bygda, held han fram.
Får synge med KORK
Målet med programmet er å vise bygda sitt engasjement og lokale dugnadsånd. I tillegg skal lokale talent løftes opp og fram av Kringkastingsorkestret.
Dei tre talenta som skal få opptre saman med KORK er Christoffer Masters (22) frå Flø, Bror Magnus Tødenes (21) frå Eiksund og Eirik Stave (8) frå Ørsta.
Bror Magnus Tødenes gler seg til å opptre saman med KORK under laurdagens konsert.
TALENT: Bror Magnus Tødenes (21) frå Eiksund, er eit av dei tre talenta som skal opptre saman med KORK laurdag.
Foto: Silje Bjerknes / NRK– Det er artig at KORK kjem til bygda, og til Eiksund. I tillegg er det veldig kult å vere ein av dei som blir plukka ut, seier Tødenes.
Tødenes, som til vanleg studerer musikk i Trondheim har lang sceneerfaring, men trur det blir ei ny oppleving når han laurdag står på scena saman med Kringkastingsorkesteret.
– Det blir veldig spennande, Det blir noko heilt anna å opptre saman med eit symfoniorkester. Då har du mange fleire og forhalde deg til, seier Tødenes.
Han trur publikum har mykje å gle seg til.
– Det blir underhaldande for alle og ein kvar som kjem å ser på. Det er det ingen tvil om, held han fram.
- LES OGSÅ:
Og så kom KORK
På stranda i Eiksund hadde heile bygda samla seg for å ta i mot KORK, og ikkje minst programleiar Ingrid Gjessing Linhave, som blant anna er kjend frå programmet «Nytt på Nytt».
Bygdefolket hadde kledd seg i t-skjorter med skrifta «Eiksund» på, og plakatar der det stod velkomen KORK på. Spenninga var stor då bussen endeleg køyrde inn på plassen.
Der blei KORK møtt av jubel frå dei frammøtte, og eit barnekor som song dei velkomen med «Mellom bakkar og berg».
GLEDDE SEG: Ingrid Gjessing Linhave er programleiar for då KORK kom til Eiksund.
Foto: Silje Bjerknes / nrkLinhage var svært glad for den varme mottakinga dei fekk i Eiksund.
– Det er heilt fantastisk å vere her. Eg har levd livets glade dagar sidan søndag. Det er noko nytt kvar dag, og eg har opplevd mykje og møtt så mange menneske, seier den blide programleiaren.
Så langt hadde ho eit positivt inntrykk av bygdefolket.
– Alle her er stort sett blide. Unntatt nokre som seier at dei har bestilt tur til Kreta, dei er litt sure. Men eg trur det er fordi dei går glipp av konserten på laurdag, så eg forstår dei, seier Linhave og ler.
Sjølv har ho stor respekt for Kringkastingsorkesteret
– Eg har same forhold til KORK som eg har til kongehuset, eg føler eg må neie når eg møter dei. Eg føler dei er over meg i rang, seier Linhave.
– Så eg trur konserten på laurdag blir fantastisk. Eg vil oppmuntre alle til å kome, held ho fram.