Det er ikkje gode tider for Nordea akkurat no. Banken har mellom anna tapt pengar i oppdrettsnæringa og no får dei 260 tilsette ved kontora i Møre og Romsdal merke følgjene.
40 tilsette må gå
15 prosent skal kuttast bort, og det inneber at nærare 40 personer får beskjed om at det ikkje lenger er bruk for dei.
Alle lokalkontora merkar kutta, men kontoret i Kristiansund er hardast ramma. Der får kvar femte tilsett beskjed om at dei er overtallige.
Det er først og fremst tilsette over 50 år, med lang ansennitet, som får beskjed om at dei er overtallige. Det seier tillitsvald Grete Leira.
Hektisk møteverksemd
I dag er det hektisk møteverksemd med dei som blir ramma av oppseiingane.
Møta held fram i morgon, og leiinga i Nordea ønskjer å ha ei endeleg løysing på plass innan utgangen av juni.
Tillitsvalde er opptatt og leiinga i Nordea er sparsommeleg med kommentarane. Regionsjef Otto Inge Skeide vil ikkje seie noko om møtene i dag, men seier at årsaka til kutta er at banken har for mange tilsette i forhold til kundegrunnlaget.