NRK Meny
Normal

Hødds cuphelt friskmelder seg sjølv før møtet med Brann

Pål André Helland, Hødd sin cuphelt, har blitt meldt skadd heile veka. Til NRK friskmelder derimot trønderen seg – i alle fall langt på veg. Akkurat det kan bli svært viktig i NM-semifinalen mot Brann.

Pål André Helland

Pål André Helland, her på Hødd-trening i går onsdag, ser ut til å bli klar for NM-semifinalen mot Brann. Han har vore Hødd sin kanskje viktigaste spelar i årets sesong.

Foto: Arne Flatin / NRK

  • Sjå Hødd–Brann direkte på NRK2 klokka 16.00 i dag.

22-åringen frå Kyrksæterøra i Hemne i Sør-Trøndelag har vore svært så giftig for årets Hødd-lag. Han er toppscorar for klubben i Adeccoligaen, med sju scoringar.

Viktig for eit nedrykkskjempande Hødd, men Helland har vore kanskje enda viktigare i cupen. Sjå berre på statistikken:

  • Han avgjorde for Hødd i 3. runde av NM, mot opprykksjagande Sarpsborg 08. Det stod 1–1 etter 90 minutt, og i det 117. minutt avgjorde Helland.
  • I 4. runde gjesta Asker Høddvoll. Hødd vann 7-0, Helland scora to av måla.
  • Ei nærmast umogleg oppgåve i kvartfinalen, borte mot Haugesund, enda i jubel. 2–2 etter 90 minutt, og Helland hadde scora begge Hødd sine mål. Han bomma i straffesparkkonkurransen, full av krampar, men Hødd tok seg likevel vidare.
Pål Andre Helland

Pål André Helland, her i aksjon i NM-kvartfinalen mot Haugesund, har vore éin av Hødd sine viktigaste spelarar i år.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

Ikkje strekk

Pål André Helland måtte stå over mot Start i 1. divisjon søndag. Det gjekk rykte om ein strekk i låret for Hødd-angriparen.

Tidlegare i veka meldte både Vikebladet Vestposten og Sunnmørsposten om svært dårlege utsikter for cuphelten på banen mot Brann.

Onsdag kveld er derimot meldinga frå Helland ei heilt anna.

– Dersom det var ein strekk, så var det lite eg kunne gjere med det.

– Men det er ikkje strekk, det er endeleg avklara. Det er berre ei stivheit i låret, og eg skal tole ganske så mykje smerte, fortel Helland til NRK.no.

– Det høyrest ut som du blir speleklar?

– Det kan verke slik, ja. Vi får ein endeleg liten test i morgon, men sjansane er svært gode, slår Hødd-spelaren fast.

– Det blir heilt sjukt

Mellom kvartfinale og semifinale har Hødd spelte fem Adeccoligakampar.

– Har du og resten av Hødd-spelarane eigentleg klart å blokkere ute tankane om semifinalen?

– Tankane har heile tida vore på neste kamp, og fokuset har vore i Adeccoligaen. For alle har visst, at dersom ein ikkje presterer i seriekampane, så får ein ikkje spele semifinalen mot Brann, oppsummerer Helland.

– Vi har sanka jamt med poeng i serien, og eg trur det har vore positivt med ein NM-semifinalen å glede seg til.

Høddvoll er utselt, det sjølv med ei enorm utviding av stadion.

– Over 6300 menneske skal fylle stadion, mot om lag 1000 til vanleg. Klarer du å sjå føre deg korleis det blir?

– Det blir heilt sjukt. Når vi går ut av garderoben, og inn mot bana ... Det kjem til å vere heilt fullt, rundt heile bana, visualiserer Hødd-vingen.

Saka held fram under bildet.

Ørjan Håskjold Nyland

Utanom Helland har Hødd-keeper, og stortalentet, Ørjan Håskjold Nyland vore framståande. Her jublar han etter kvartfinalesiger etter straffespark på Haugesund Stadion.

Foto: Ness, Jan Kåre / NTB scanpix

Vil vinne ved å sjå cupfinalen i hovudet

– Det blir rett og slett ei oppleving for livet.

– Uansett korleis det går med oss spelarane vidare i karrieren, så blir kampen mot Brann på Høddvoll noko ein vil hugse. Føresetnaden, med eit Adeccolag som ligg på nedre halvdel mot Brann. Brann som er, ja ... Brann!, seier Helland.

Han kom til Hødd før årets sesong, og har tidlegare spelt for Rosenborg, Ranheim og seinast Byåsen i fjor.

– Kva må Hødd gjere for å slå Brann, som er favoritt i denne semifinalen?

– Vi må spele vårt spel, og stoppe Brann der dei er gode. Eg er heilagt overtydd om at dersom vi spelar opp mot vårt beste på heimebane, så slår vi Brann, meiner 22-åringen.

– Klarer du å sjå for deg kor stort det blir dersom Hødd vinn?

– Det er dei bilda vi må ha i hovudet, vi må sjå kor stort det kan bli. Og eg trur ikkje vi blir prega, for vi er 90 minutt unna ein cupfinale og har alt å vinne.

Høgt sjukefråvær i Ulsteinvik ved siger?

Hødd-trenarane

Hødd sin trenarduo, Lars Arne Nilsen (t.v.) og Sindre Eid, er nok glade for at Pål André Helland etter alle solemerke er kampklar.

Foto: Arne Flatin / NRK

Og Helland spår i alle fall utfallet for Hødd-supportarane dersom Hødd skulle slå Brann på Høddvoll.

– Dersom vi vinn så blir det ikkje mange som møter på arbeid i Ulsteinvik fredag morgon. Det hadde vore så stort, og då vil det koke bra her!, trur ein blid Helland.

– For meg verkar det i alle fall som om du kjem til å starte mot Brann, trass alle dei negative meldingane denne veka?

– Eg førebur meg i det minste som om eg skal spele. Alt anna vil vere dumt.

– Og det kjennest ut som eg skal spele.

– Det har ikkje berre vore eit spel for galleriet, og litt taktikkeri inn mot kampen?

– Nei, det hadde eg ikkje «gidda». Alt styr med media og slik. Då hadde eg sagt at eg var skadefri, avsluttar Helland.

Vinnaren av Hødd - Brann skal altså møte Tromsø på Ullevål, etter at dei slo Molde 2-1 på Alfheim onsdag kveld.

Hødd

Det herskar liten tvil om at semifinalen i NM, mot Brann på Høddvoll, er historisk i Hødd-samanheng. Her er heile laget på trening dagen før dagen.

Foto: Arne Flatin / NRK