NRK Meny
Normal

Cupgull gull verd

Inntektene haglar inn i klubbkassa til Aalesund ein månad etter cuptriumfen. Sponsorar teiknar langtidskontraktar på grunn av cupgullet.

Aalesund cupmestre
Foto: Svein Ove Ekornesvåg / Scanpix

Cupgull og ekstrainntekter

På kontoret sitt på Color Line stadion gnir klubbdirektør Henrik Hoff seg i hendene over dei auka inntektene.

- Cupsuksess gjev oss ekstrainntekter. Vi merkar det ikkje minst på at veldig mange samarbeidspartnarar teiknar tre-års-avtalar. Det sleit vi med i fjor. Vi har no ein heilt annan tryggleik enn tidlegare. I tillegg kjem Europacupen. Manchester City ligg på 6.plass i England og Roma på 6. plass i Italia. Det laget som får desse plassane går jo inn i same gruppe som oss. Så vi har noko å gle oss til, seier Henrik Hoff.

Cupheltene mottatt av folkehav

Aalesund syng i natta

Tidenes gullfeiring

Drahjelp

Langsiktige avtalar er gull verd i tronge tider for eliteklubbane. Henrik Hoff er ikkje i tvil om at cuptrumfen gir klubben enorm drahjelp.

- Eg trur vi hadde gått inn i eit veldig tøft år om det ikkje var for cup-gullet. Tøft er det no kvart år, men det hadde vore endå tøffare om vi ikkje hadde kome til cupfinalen. Dette har vore ei stor drahjelp for oss. Sponsorbudsjettet aukar ikkje så mykje i forhold til fjoråret. Men vi har fått ein heilt annan tryggleik rundt åra som kjem.

Ønsket straffer på AaFK-siden

Gulldrakter og DVD

Gulldrakter og gullskjerf forsvann kjapt etter cupfinalen og har også gitt gode pengar til klubben. I dag legg klubben ut ein DVD frå cupfinalen. Eit opplag på 3000 med 1500 førehandsbestillingar. Henrik Hoff reknar med at alle 3000 forsvinn før jul. Berre dette åleine gir gode pengar i klubbkassa.

- Dersom det blir utseld på førsteopplaget så ligg der ei inntekt på mellom 150 og 200 tusen kroner i provisjon til Aafk. I desse økonomisk vanskelege tider for fotballen er dette veldig kjærkomne inntekter for oss, seier Henrik Hoff.