Hopp til innhold

Cruiseskip fekk vanskar i Geiranger

Då cruiseskipet «Azura» måtte flyttast på grunn av vinden, slitna to av trossene som heldt skipet på plass.

Cruiseskip i Geiranger

Skipet måtte flyttast på grunn av sterk vind.

Foto: Tipsar

Johan Arnt Overøye var ein av dei som såg hendinga. Han var på veg ned til byda i 9.30-tida då han høyrde ein høg smell.

– Lydstyrken var omlag som ein salutt, det var ein høg og skarp lyd. Då såg eg at ein av trossene hadde slitna, seier han til NRK.

Litt seinare høyrde han lyden på nytt.

– Ja, då gjekk tamp nummer to og det såg ut som om skipet skulle drive utover.

Måtte flytte på grunn av vind

Cruiseskip i Geiranger

Skipet blei flytta til ein posisjon lengre ut i fjorden.

Foto: Tipsar

Skipet kom inn til Geiranger i dag tidleg. Det har 3000 passasjerar ombord og eit mannskap på vel 1100.

Hamnesjef Rita Berstad Maraak stadfestar at dei måtte flytte skipet og at det var vanskar med trossene.

– Ja, vi har opplysningar om at minst ei trosse slitna, seier ho.

Ho vil ikkje karakterisere hendinga som dramatisk.

– Det kom vind frå aust, den kan av og til skape vanskar for skipa her. Men for oss er det rutine å flytte skip, det gjer vi stort sett nokre gongar i løpet av sesongen.

Skipet er no flytta lenger ut i fjorden, der det er mindre utsett for vinden.

– Fleire av dei som såg hendinga seier skipet var nært inn til Kvannaneset og dei har lurt på om skipet tok i grunnen, kva kan du seie om det?

– Det har eg ingen informasjon om. Vi har ikkje fått noko avviksmelding på det, seier Maraak.

Maraak seier dei alltid er påpasselege når det er meldt vind frå aust.

– Det var vi også denne gongen, sjølv om vinden kom ganske brått.

Fekk gå i land som normalt

Skipet låg fortøyd til ei bøye i fjorden. I følgje Maraak kom denne ut av posisjon då trossene slitna.

– Ja, den ligg ikkje der den skal, så den må flyttast tilbake i posisjon, ja.

Det var fleire fenderbåtar rundt skipet, men i følgje Overøye, som såg hendinga frå land, såg det ikkje ut for at nokon av dei var i nærleiken av trossene.

– Nei, slik eg såg det var det ingen i nærleiken. Det er elles ikkje ein naturleg stad å opphalde seg.

Etter flyttinga fekk passasjerane gå i land som normalt. Skipet seglar vidare til Flåm i ettermiddag.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL