Hopp til innhold

Cruiserekord i Ålesund

– Det har aldri vore fleire passasjerar i byen på ein gong, seier Bente Saxon i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre.

Queen Mary2 i Ålesund

«Queen Mary 2» er eit av dei tre skipa som onsdag skapte rekord i Ålesund

Foto: Åge André Breivik / NRK

Bente Saxon

– Det er veldig gøy, seier Bente Saxon om cruiserekorden onsdag.

Foto: Åge André Breivik / NRK
Trond Klokkersund

Trond Klokkersund i CitySightseeing Fjord AS har neppe kapasitet til alle som kjem med cruiseskipa onsdag.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Onsdag ligg det tre store cruiseskip til kai i sunnmørshovudstaden. «Queen Mary 2», «Celebrity Infinity» og «AIDAsol» har slept sine passasjerar lause i bygatene.

– Det er veldig gøy å sjå at det syd og kokar av liv i byen, seier Saxon. Ho sit med oversikta over skipa som kjem til Ålesund, og har marknadsansvar for cruiseanløpa.

Skipa har til saman ein kapasitet på om lag

Står klare til å ta i mot

På cruisekaia i Ålesund står det fleire reiselivsaktørar klare for å ta i mot turistane. Runda i Jugendbyen kan du få i ein blå buss, eller ein raud.

– Dagen i dag er ein fantastisk dag. Det er den største cruisedagen i Ålesund denne sesongen så langt, seier Trond Klokkersund i CitySightseeing Fjord AS. Han har ansvaret for firmaet sine aktivitetar i Ålesund og Geiranger.

Med cruiseskip til kai har selskapet ti rundturar i byen, med kapasitet på over 700 passasjerar. På ein rekorddag som onsdag legg dei inn ekstra avgangar.

– Slike dagar som dette har me ikkje kapasitet. Det er for dyrt å ha nok bussar ståande til at me kan ta unna slike toppar som dette, fortel Klokkersund.

Dermed kan enkelte passasjerar gå glipp av dei guida bussturane rundt om i Ålesund.

– Vil gå opp trappene

Joe Mauldin

– Me vil gå opp trappene, seier Joe Mauldin. Amerikanaren kom til Ålesund med cruiseskip onsdag.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Fjellstova med utsikt over Ålesund og Atlanterhavsparken er to av dei store trekkplastera for turistane som kjem til byen. Dit ville også amerikanske Joe Mauldin, som reiser med «Celebrity Infinity».

– Me vil gjerne gå opp trappene for å sjå på utsikta, seier Mauldin.

Saman med reisefylgjet sitt er han i Ålesund for fyrste gong.

– Me la merke til at det var mykje turistar her, seier han, like etter han kom til byen. Starten på opphaldet bruker dei på turistinformasjonen, for å finne ut kva dei skal gjere vidare.

Vil spreie anløpa

Cruiseturistar i Ålesund

Dei tre cruiseskipa i Ålesund har kapasitet på 7.500 passasjerar. Inkludert mannskap er det over 10.000 personar som besøkjer Ålesund onsdag.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Der står turistane tett rundt disken, for å få hjelp til å finne fram i byen. Ein etasje opp sit Bente Saxon og gler seg over pågangen. Fyrste cruiseskipet la til i Ålesund 17. februar i år. Heilt fram til 24. september blir det cruiseskipanløp i byen.

– Me jobbar ikkje for å få fleire slike dagar som i dag, men for å spreie dei dagane cruiseskipa kjem til Ålesund, fortel Saxon.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL