Hopp til innhold

Cohen til Moldejazz

Musikklegenda Leonard Cohen skal opptre på Romsdalsmuseet si utescene i Molde 17. juli.

Leonard Cohen

...then we take Molde. Leonard Cohen kjem til Moldejazz i juli.

Foto: LUKE MACGREGOR / REUTERS

Video nsps_upload_2009_4_15_15_10_17_3039.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Ein fornøgd og stolt festivalsjef Jan Ole Otnæs presenterte nyheita på ein pressekonferanse i Molde klokka 12.

Billettsal frå fredag

- Leonard Cohen har vi ønskt til Moldejazz i mange år, seier Otnæs som forventar utselt hus på Romsdalsmuseet fredag 17. juli.

Billettane blir lagde ut for sal frå førstkomande fredag klokka 10, og kjenner vi publikummet rett, varer det ikkje lenge før dei er utselde.

Multikunstnar

74 år gamle Cohen er frå Montreal i Canada og er kjend som forfattar songskrivar, songar og gitarist.

Cohen debuterte som poet i 1956 og har sidan skrive fleire diktsamlingar, to romanar og ei rekkje musikkalbum. Han slo gjennom som visesongar i 1967 med albumet Songs of Leonard Cohen. Han har vore svært populær, ikkje minst blant andre artistar, som har gjort over tusen innspelingar av songane hans.

Mellom dei mest kjende songane er "Hallelujah", "Suzanne", "First We Take Manhattan" og "Bird on the Wire".

I Noreg i fjor

I fjor hadde Leonard Cohen ein konsert for 12.000 tilskodarar på Bislett Stadion. Han kjem til Molde med det same ensemblet i år.

Cohen skal ha ein konsert til i Noreg i sommar. Langesund i Telemark får besøk av legenda torsdag 16. juli.

Leonard Cohen på Glastonbury Festival i slutten av Juni, 2008.
Foto: BEN STANSALL / AFP