NRK Meny
Normal

Claus Krohn (80) starter nytt flyselskap - igjen

Claus Krohn (80) frå Molde gir seg ikkje – og stadfestar at han vil starte flyselskap på nytt.

Krohn Air

Claus Krohn har etablert Krohn Airline AS, og han håper å ha første ruta på plass i september.

Foto: Herskedal, Kjell / NTB scanpix

12. mars blei Krohn Airline AS stifta. Etter Krohn Air-konkursen er flygründaren veldig motivert til å drive vidare.

Vil starte i september

I starten av februar i år måtte flygründaren seie takk og farvel til selskapet Krohn Air, som vart etablert då SAS la ned flygingane mellom Molde og Trondheim i 2010. Det nystarta selskapet Krohn Airline AS håper å få på plass ei ny rute mellom Molde og Trondheim før september.

– Vi starter ikkje flyselskap for moro skuld. Vi kjem til å halde fram med våre planer og med dei same rutene som vi hadde med Krohn Air. Vi håper at dette er oppe og går i september, som er den tida på året med mest trykk, seier Krohn.

Ein kan sjølvsagt sette seg i gyngestolen å sjå tilbake på det ein har gjort i livet, men slik er det ikkje med meg.

Claus Krohn (80)

Motivert til å drive vidare

I Brønnlysundregisteret er selskapet oppført med hensikt til «flytransport av personar og gods, samt alt som høyrer naturleg til dette». Claus Krohn vil sitte som øvste leiar i det ferske selskapet. Roy Uren var marknadssjef og pilot i Krohn Air, og vil no fungere som dagleg leiar.

– Vi har etablert eit selskap som er flyrelatert, og det ligg også i namnet Krohn Airline AS.

– Men kvifor startar du eit nytt flyselskap?

– Ein kan sjølvsagt sette seg i gyngestolen å sjå tilbake på det ein har gjort i livet, men slik er det ikkje med meg. Eg vil gjerne at nye ting skal skje, og at vi skal halde fram med å vere aktive på den fronten som vi har vore før, seier flygründaren.

Leiter etter gode partnarar

Krohn ser framover, og vil tenke nytt. Denne gongen er han på jakt etter partnarar med ein annan filosofi enn tidlegare. Han meiner at Krohn Air gjekk konkurs fordi dei samarbeida med feil folk.

– Vi hadde ikkje rett samarbeidspartnar då vi dreiv Krohn Air. Og store delar av våre disponible midlar kom i feil hender.

No håper han å etablere ein sterk kombinasjon av chartertilbod og rute mellom Molde og Trondheim.

– Viss at vi er så heldige at vi kjem i kontakt med dei rette partnarane så trur eg at vi kan drive eit godt selskap langt fram i tid, seier Krohn.