Hopp til innhold

Cirkus Zorba startar med blanke ark

Cirkus Zorba Ltd i Kristiansund har bestemt seg for å slå seg sjølv konkurs.

Det blei bestemt i eit ekstraordinært styremøte, opplyser daglig leiar Thor Gujord.

Årsaka er at dei har slitt økonomisk dei siste to sesongane.

Sirkuset skal likevel halde fram - eit nytt selskap skal bli stifta allereie i neste veke.

Direktør og dagleg leiar i det nye selskapet blir 23 år gamle Ronja Gujord.