Hopp til innhold

AaFK må på trenarjakt – igjen

Styret i Aalesunds Fotballklubb må nok ein gong ut på trenarjakt etter at Christian Johnsen fekk sparken. I mellom tida tar assistenttrenar Sindre Eid over styringa av laget.

Sindre Eid i Aalesund Fotballklubb ledet onsdag treningen etter at hovedtrener Christian Johnsen mistet jobben tirsdag kveld.

Eid fortel at han hadde eit godt forhold til Johnsen og at han er imponert over den jobben han har gjort i løpet av tida si i AaFK. – Han er ekstremt dedikert og lagt ned mykje tid. Han har mykje kunnskap. Så det har vore ein spesiell dag for oss alle.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Onsdag var det dagen derpå i Ålesund, etter at hovudtrenar Christian Johnsen måtte gå tysdag. Spelarane møtte opp til trening som vanleg, men i dag blei dei leia av assistenttrenar Sindre Eid.

Han har fått trenaransvaret fram til søndagens kamp mot Ranheim.

– Det var ei fin økt. Sjølvsagt er det ein spesiell dag. Det blir jo sett litt kjensler i sving, og det er også ein trist dag. Dagen i dag handla om å kome seg gjennom treninga og få ei god økt. Prate om ting som har skjedd og sjå framover mot kampen på søndag, fortel Eid.

Keeper og kaptein for AaFK, Sten Grytebust, seier at det aldri er kjekt når nokon mister jobben.

– Vi takkar Christian og ønskjer han lykke til. Og så veit vi at mekanismane i fotball dessverre er slik.

Keeper i Aalesund Fotballklubb Sten Grytebust i forbindelse med at trener Christian Johnsen mistet jobben som hovedtrener.
Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Les også AaFK bekrefter: Christian Johnsen er ferdig som trener

Christian Johnsen, trener for AaFK.

Nedrykk og jumboplass

Christian Johnsen (47) vart tilsett som hovudtrenar i juni 2023. Det skjedde etter at den førre trenaren, Lars Arne Nilsen, fekk sparken. Det skjedde etter ein tung seriestart med null poeng og null mål.

I etterkant kom Christian Johnsen inn. Håpet var at han skulle greie å snu den negative trenden og berge eliteserieplassen. I staden blei det nedrykk til 1. divisjon.

I løpet av det siste året har han leia Ålesund-klubben til seks sigrar, fem uavgjort og heile 21 tap. Det ferskaste nederlaget kom sist søndag med eit 4–0-tap mot Levanger.

Før seriestart i år hadde klubben eit uttalt mål om å vinne 1. divisjon og rykke opp att til Eliteserien. Nær halvvegs i sesongen står dei no med ni poeng etter 13 kampar og ligg dermed sist i 1. divisjon.

Ifølge styreleiar i AaFK, Gunnar Haagensen, er bakgrunnen for utskiftinga at styret ikkje lenger har tilstrekkeleg tillit til Johnsen.

Han seier styret har starta arbeidet med å finne ein erstattar.

På spørsmål om Johnsen var rett mann for jobben svarer Tarjei Gjendemsjø Omenås, dagleg leiar, dette:

Eg skal ikkje gå så mykje inn i det valet, for det er det styret som gjer. Eg som dagleg leiar forheld meg til det styret vel, og eg veit at den prosessen dei har køyrt har vore god. Det er også difor vi har vore såpass tolmodige med Johnsen og håpt at ting skulle snu, seier Omenås.

Les også Lars Arne Nilsen får sparken som trenar i AaFK

d1uSXPQ2sbQ

Jaktar på ny trenar

Når den nye trenaren er på plass, er derimot usikkert.

– Det er ikkje ein prosess som har halde på over tid. Men vi orienterer oss til ei kvar tid om kven som er ledige, og om det er personar eller spelarar som er interessante for oss.

– Vi jobbar så fort vi kan og ønskjer ein fortgang i prosessen. Så er vi klare når den eventuelle personen er klar til å steppe inn, seier Omenås-

Han vil ikkje kommentere om dei har konkrete namn på lista. Tidlegare KBK-trenar Christian Michelsen er blant dei som står utan kontrakt no. I tillegg har Amund Skiri, som tidlegare har vore i AaFK, stor suksess som trenar for KBK.

– Eg trur Amund trivast godt i KBK, seier den daglege leiaren.

Konstituert daglig leder i Aalesund Fotballklubb Tarjei Aase Omenås i forbindelse med at hovedtrener Christian Johnsen mistet jobben som hovedtrener i klubben.
Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Omenås ønskjer heller ikkje å kommentere kva oppseiinga av Johnsen kjem til å koste klubben.

Assistenttrenar rykka opp

Sindre Eid fortel at han har fått i oppgåve å leie laget fram til neste kamp. Han har mellom anna vore hovudtrenar for Hødd og jobba som spelarutviklar. No skal han bruke av denne erfaringa som hovudtrenar.

– Eg skal vere meg sjølv. Og så er vi eit team som jobbar saman med laget fram til kampen i helga.

– Kan du tenke deg å ta over jobben som hovudtrenar?

– Det har ikkje vore diskutert i det heile. Vi har berre fokus på ein ting og det er kampen på søndag, seier Eid.

Har tillit til styret

Tilbake på grasmatta blei det ei litt annleis treningsøkt i dag. Kaptein Sten Grytebust har tillit til at styret vil finne den neste trenaren.

– Trur du det hjelp å bytte trener?

– Det vil jo tida vise. Det er aldri kjekt, men då er det viktig at vi som gruppe må sjå positivt på det, bruke det og stå endå meir samla. Vi må jobbe hardare slik at vi kan kome så styrka ut av dette som mogleg

Kapteinen er klar på at det må betre prestasjonar til om dei skal klare å snu den negative trenden.

– Vi må få energien og sjølvtilliten inn i laget. Det kjem av hardt arbeid og ikkje minst gode opplevingar. Så må vi prøve å bygge på det og jobbe knallhardt i kvardagen