NRK Meny
Normal

Chris Odin er årets nyttårsbarn

Chris Odin heiter han og gret då han blei fødd i kapp med nyttårsrakettane i Molde.

Chris Odin
Foto: privat

Det gjekk berre 58 minutt ut i det nye året før Chris Odin Nixon Sandvik såg dagens lys. Mora seier det var vanskeleg å konsentrere seg om rakettane, men at ho registrerte dei.

Carol Haidie Nixon med babyen Chris Odin

Carol Haidie Nixon med babyen Chris Odin som blei fødd like etter midnatt ved Molde sjukehus.

Foto: privat

Det var veldig interessant, det var fyrverkeri overalt, men eg forsøkte å konsentere meg om fødselen, seier Carol Haidie Nixon (38), som fekk sitt andre barn.

Far til guten er John Arne Sandvik (29).

Det var artig, seier han om fødselen.

Les om tidlegare nyttårsbarn i Møre og Romsdal:

Høgt blodtrykk

Den nybakte mora seier ho kom til sjukehuset i 22-tida nyttårsaftan med høgt blodtrykk. Etterkvart sette fødselen i gang.

Noah er nyttårsbarn i Ålesund

Noah kom til verda klokka 06.30 på Ålesund sjukehus.

Foto: Privat

Det er vanskeleg å sjå kven han liknar på endå. Han er så raud, ler mora. Dei vitale måla er 48 cm og 2780 gram.

Carol Haidie Nixon skildrar fødselen som tøff, men seier alt gjekk bra.

Alle hjalp meg, jordmora var fantastisk, seier ho.

Årets nyttårsbarn også gut

I Ålesund kom vesle Noah til verda klokka 06.30.

Årets nyttårsbarn heiter Kian Wilhelm Siem Swainsbury og blei fødd på Akershus universitetssykehus ti sekund over midnatt.