Hopp til innhold

Charterturist tatt med våpenarsenal

Ein flyturist på veg heim frå Bulgaria blei nyleg stoppa med store mengder ulovlege våpen på Vigra. I kofferten hadde mannen mellom anna elektrosjokkvåpen, kasteknivar og tåregass. 

Våpenbeslag på Vigra

Desse gjenstandane fann politiet i bagasjen til ein charterturist på Vigra i juni i år.

Foto: Tollvesenet

Kontorsjef Helen Sjåholm ved Ålesund tollstad ber folk om å tenkje over kva dei tek med seg heim frå utlandet.

 

- Sidan nokre seier dei ikkje veit at det er ulovleg å ta med våpen inn i Noreg, ynskjer me å gje informasjon om at dei ikkje bør ta med seg desse våpna og valdsprodukta, seier Sjåholm, og legg til at dette kan få konsekvensar.

Varierer i størrelse

Mannen som vart stoppa i tollen på Vigra i forrige veke kan vente seg eit oppgjer med politiet. Med i kofferten frå Bulgaria hadde han elektrosjokkvåpen, aluminiumsballtre, fleire kasteknivar, slosshanskar, pepparspray og tåregass. Kontorsjef Helen Sjåholm ved Ålesund tollstad, seier dei har mange slike saker om sommaren, og særleg er det folk som ferierer i Bulgaria som har med seg våpen heim.

- Dette er eit ganske stort beslag av våpen, dei andre beslaga varierer i størrelse, men har rundt tre-fire våpen per gang, fortel Sjåholm.

Blir meldt til politiet

Fleire av dei som blir tatt med våpen, hevdar at dei ikkje veit om at det er ulovleg å ta med dette inn til Noreg. Men det er det altså, og alle som blir tatt blir melde til politiet.

- I tillegg til at ein blir meld til politiet verkar dette også inn på den kvoten du kan ta toll- og avgiftsfri inn i Noreg, fortel Sjåholm. Dermed må ein også betale toll på dei innførte gjenstandane.