Fullt, fullt, fullt. Hotellrommet er ikkje tilgjengeleg!
Det er beskjeden du får om du prøver å bestille hotellrom i Molde mellom 23. og 24. august.
Årsaka er openberr. Etter sigeren over Klaksvik tysdag har Molde Fotballklubb berre ei hindring att før dei kan kome til gruppespelet i Meisterligaen. Hinderet heiter Galatasaray og er ein tyrkisk toppklubb.
Galatasaray har ein hærskare av supportarar som følgjer laget sitt i tjukt og tynt. No skal både laget og supporterane til Molde.
– Vi skal lage fest
Stemma til supporterleiar Ronny Stamsvik er hås etter gårsdagens kamp mot Klaksvik. Men den er sterk nok til at han lovar fest på stadion i Molde onsdag.
– Vi gler oss enormt. Det skal bli fotballfest. Vi fylte stadion mot Klaksvik og det skal vi definitivt også gjere mot Galatasaray. Vi møter eit sterkt lag og supporterklubben Tornekrattet skal vere med og skape fest og stemning på stadion.
– Og Galatasaray sine supporterar står også for ein sterk og høglydt supporterkultur ...
– Ja, og også vi skal klare å møte dei med sterkast mogleg lyd og stemning, seier Stamsvik.
– Kjekt med stor interesse
– Det var viktig at vi kom oss vidare, seier Øystein Neerland, administrerande direktør for Molde FK.
Han summerar opp tysdagens kamp som heilt fantastisk og ein historisk kveld. No ser han framover mot Vålerengakampen laurdag og kampane mot Galatasaray kommande veke og veka etter.
– Vi får veldig mange førespurnadar både til heimekampen og bortekampen. Det synest vi er kjekt, seier Neerland.
– Vert det gjert særskilde tryggingstiltak i samband med kampen i Molde?
– Vi vil vurdere sikkerheita og gjere dei vanlege prosedyrane som vi gjer til kvar kamp. Elles vil talet på bortesupporterar sjølvsagt vere avgjerande. Uansett skal vi sikre at det vert trygge rammer både utafor stadion og innafor stadion, avsluttar Neerland.
Så langt ser det ut til at det vert mykje folk i Molde på den aktuelle dagen.
– Vi er fullbooka
NRK har sjekka både Scandic Seilet, Scandic Alexandra, Molde Fjordhotell og Thon Hotel Moldefjord. Beskjeden er heilt klar frå alle hotella. Akkurat no er det ingen ledige rom på bestillingssidene på internett.
– No kjem det jamleg førespurnader frå supportarar og støtteteamet rundt laget. Men vi er fullbooka. Det er framleis mange sommarturistar i byen. Dei største hotella tek seg av sjølve laget og det som trengst rundt dei, seier resepsjonssjef på Thon Hotel Moldefjord, Trine Lyngstad.
– Men det finst håp
I nabokommunane til Molde er det framleis ledige hotellrom. Og det finst håp også for dei som vil sikre seg rom i sjølvaste Rosenes by. Det kan nemleg kome avbestillingar. Og det er ikkje sikkert at alle avbestilte rom hamnar på nettet.
– Sjølv om det er kort tid att så er det beste rådet å alltid vere tidleg ute. Ta gjerne kontakt direkte med hotellet. Dei fleste romma som eventuelt blir ledige hamnar nok ikkje ute på nettet. Den som ønskjer å få tak i eit rom som blir ledig bør ta direkte kontakt, seier Lyngstad.
Billettar til kampen
På nettsidene sine skriv Molde Fotballklubb at dei som har sesongkort har forkjøpsrett på billettar fram til fredag. Laurdag klokka 12.00 startar det opne billettsalet. Bortesupportarar må ta kontakt med sin eigen klubb for billettar, står det i ei melding frå Molde Fotballklubb.