Normal

Kontraktsforlenging med viktige menn

Fredag fekk AaFK to mindre ting å tenkje på, då både Fredrik Carlsen og Peter Orry Larsen forlenga med klubben.

Carlsen og Orry Larsen

Fredrik Carlsen og Peter Orry Larsen har blitt sentrale brikker i årets Aalesund-lag. Fredag forlenga dei med klubben.

Foto: AaFK.no

– Det er veldig godt å få det unna. Eg er veldig fornøgd med å ha skrive under på ein ny kontrakt, seier Fredrik Carlsen.

Både han og Peter Orry Larsen hadde kontraktar som gjekk ut etter årets sesong, og Aalesund har jobba over tid for å forlenge med dei to.

Fredag ettermiddag melde AaFK at dei hadde forlenga med både Carlsen og Orry Larsen. Førstnemnde ut 2015, for den andre ut 2016.

– Dette gir oss ein tryggleik i åra som kjem, med to viktige spelarar på langtidskontraktar, seier administrerande direktør Henrik Hoff til NRK.

– Klubben har tatt viktige steg som gjer at eg ser på dette som ein svært attraktiv klubb i norsk samanheng, sa Orry Larsen etter signeringa.

Fredrik Carlsen

AaFK-spelar Fredrik Carlsen fortel at eit klubbskifte har streifa tankane. No er han derimot svært godt fornøgd med tilhøva i Ålesund. Her i aksjon mot Haugesund borte i førre serierunde, der AaFK vann 2–1.

Foto: Ness, Jan Kåre / NTB scanpix

Klubbskifte har streifa tankane

24-åringen frå Nordfjordeid kom til klubben i 2006, medan 23 år gamle Carlsen kom til klubben frå Vålerenga i 2009. Under Kjetil Rekdal blei det varierande speletid for begge dei to midtbanespelarane, delvis grunna skader.

Under Jan Jönsson har dei blitt sentrale brikker. Orry Larsen starta dei fire første serierundane, før han forsvann ut med skade. Etter skadeopphaldet har han spelt kvar kamp. Fredrik Carlsen har spelt 13 av årets 16 seriekampar, og har starta dei åtte siste.

– Dei nye tidene har vore veldig bra. Sjølvsagt kan ting bli betre på alle frontar, men vi har hatt ein flott halv sesong og er fornøgde, seier Carlsen til NRK.

– Det har blitt varierande speletid tidlegare år. Har du ønskja deg vekk på noko tidspunkt?

– Det har sjølvsagt vore i tankane mine, men fokuset har heile tida vore på å spele meg tilbake til fast plass. Og det ser det ut til at eg har gjort no.

Saka held fram under bildet.

Carlsen og Orry Larsen

Her er Fredrik Carlsen og Peter Orry Larsen i aksjon på Color Line Stadion mot Sogndal. Sogndal-spelar Sidy Sagna er på veg opp, medan AaFK-spelarane er sterkt ueinige i eit idømt straffespark.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

– Godt å vere inne i varmen

23-åringen frå Oslo fortel at det er utruleg kjekt å igjen vere i førsteellevaren.

– Det er godt å vere inne i varmen igjen. Det er det eg har ønskja og jobba hardt for. No må eg halde fram med den harde jobbinga.

Carlsen har kontrakt i 2,5 år til og er heilt tydeleg på at trivsel, i både klubb og by, er eit stort moment i kontraktsforlenginga.

– Eg trivst veldig godt her på Sunnmøre. Ålesund er ein fin by og det er ein flott klubb å vere i. Eg hadde nok ikkje skrive under på ein ny kontrakt om eg ikkje trivst her, slår han fast.

Henrik Hoff

Administrerande direktør i AaFK, Henrik Hoff.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Jobbar med Barrantes og Grytebust

AaFK har derimot mange spelarar som framleis har kontraktar som går ut etter sesongen. Lars Fuhre, Andreas Nordvik, Mathias Rasmussen og Edvard Skagestad er blant dei.

Førstekeeper Sten Grytebust og ballmaestro Michael Barrantes er likevel dei to spelarane AaFK er mest ivrige etter å forlenge med.

– Barrantes har nettopp kome tilbake frå Gold Cup, men vi er i fortløpande dialog. Sten (Grytebust, journ.anm.) har ikkje signert noko enn så lenge. Vi får sjå kva som skjer i løpet av månadane som kjem, seier Henrik Hoff.

– Er partane langt unna i forhandlingane?

– Det er litt vanskeleg å seie. Det kan vere at det fort løyser seg, og det kan vere at det drøyar – og eventuelt ikkje løyser seg, svarer Hoff diplomatisk.

Det er ei kjent sak at Barrantes ønskjer seg til ein større klubb i utlandet. Grytebust har òg sagt at han vil bli utanlandsproff på sikt.

Manglar trenarsignaturen

To sentrale spelarar kom på plass i Carlsen og Orry Larsen, medan andre drøyar. Det som kanskje har mest fokus er derimot trenaren. Jan Jönsson og AaFK har heller ikkje blitt einige om ei kontraktsforlenging.

– Det blir det same som eg har uttalt tidlegare. Vi er i ein dialog, og av forskjellige grunnar vil det gå nokre veker før vi eventuelt konkluderer, slår Hoff fast.

Jönsson og Barrantes

Trenar Jan Jönsson og nøkkelspelar Michael Barrantes er to menn Aalesund forsøker å forlenge med.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix