Hopp til innhold

Canal Digital-kundar råka av feil

Canal Digital-kundar i heile ålesundsområdet kan vere råka etter ein feil på hovudsentralen i området. Norkring skal ha registrert fleire feil rundt klokka 13.30, og ein reperatør er no på veg for å utbetre feilen. Dermed får ingen av dei råka kundane sett cupfinalen mellom Molde og Odd søndag ettermiddag.