Campingvogn i brann i Tingvoll
Det skal vere full fyr i ei campingvogn i Langøysundvegen i Tingvoll. Det skriv Tidens Krav. Det skal ikkje vere fare for spreiing til andre bygningar. Politiet melder i 12.30 tida at campingvogna er nedbrent, og at ingen er skadd som følgje av brannen.