Campingferie uansett kva vêrgudane finn på

Ustabile og humørsjuke vêrgudar kveler ikkje campinglivets gleder på Nord-Vestlandet. Campingplassane er godt besøkte, og å bu i telt har blitt populært igjen.

Par frå Sverige på bobilferie i Norge

Uraban og Karin var heldige og møtte sola på campingferie i Kristiansund. Men regn i håret kan turistar i Noreg ikkje vere redde for denne sommaren.

Foto: Olav Grotli

Sommar- Noreg og campingliv kan vere sjarmerande, men ikkje uansett, vel? Jau, sjølv om temperaturane kryp aldri så langt nedover gradestokken i takt med plaskande regn og duvande skodde, gir campingturistar blaffen i både regn og blest.

Det rapporterer campingplassar i alle deler av fylket.

Mange besøkande

Ingen plass i fylket har fleire campingturistar enn Valldal. Familiecampen Muri hytteutleige har nær 200 faste plassar for campingvogner i tillegg til hytter og teltplassar

– Sol er naturlegvis ein fordel, men ikkje noko krav ser det ut til. Vi har masse gjestar og meir enn i fjor, seier dagleg leiar, Elisabeth Muri.

Ho opplever at ferierande finn aktivitetar og glede same kva vêr det er.

Ved Måna camping i Måndalen i Romsdal, er det heller ingen sure miner på grunn av litt regn. Belegget er som normalt, men største problemet siste tida er at det blir så vått over alt.

Camping

Campinglivets gleder freistar sjølv om det kan vere langt mellom solglimta.

Foto: Illustrasjonsfoto: Colourbox.no

– Sjølv om vi har god drenering, samlar det seg vatn i graset. Det blir lett både oppkøyrt og sundkøyrt. Det er nesten slik at det er vanskeleg å få plassert vogner og telt når graset blir så gjennomvått, seier eigar og drivar, Odd Inge Farkvam.

Campingplassen har spesialisert seg på fisketurisme, særleg overfor tyske turistar, og dei fyller gjestelista godt også i år, fortel Farkvam.

Atlanterhavsvegen dreg

Ingen tvil om at dei store turistmagnetane som Trollstigen, Geiranger, Eikesdal og Atlanterhavsvegen, gir ringverknader også til campingplassane.

Atlanterhavsveien

Atlanterhavsvegen drar turistar også til campingplassar i nærområda.

Foto: Arna Amundsen

Bynære Atlanten Camping i Kristiansund er ein av mange som opplever det.

– Så godt som alle besøkande hos oss har anten alt vore innom eller skal til Atlanterhavsvegen. Så tar dei seg også ei natt eller to i Kristiansund, for å lære byen å kjenne og det er jo veldig hyggeleg, seier dagleg leiar Olav Grotli.

Olav Grotli dagleg leiar Atlanten Turistsenter

- Campingfolket kjem uansett ver, smiler Olav Grotli ved campingplassen på Atlanten i Kristiansund.

Foto: Privat

Statistikken viser auke i talet på besøkande så langt i år. Vêret spelar mindre rolle ser det ut til.

Møre og Romsdal er tredje største campingfylket i landet i talet på campingplassar, med vel 60 slike. Fylket er berre slått av Nordland og toppfylket Oppland med rundt 100 campingplassar.

Telt er trend

Både i Valldal og elles i fylket registrerer campingplassane at telt har blitt in igjen.

– Turistane har med store familietelt med fleire rom, og storkosar seg i teltet, seier Elisabeth Muri.

Campingferie 1960-tallet

Det var på 1960-talet at campingferie for alvor gjorde sitt inntog og endra norske ferievanar. Campingplassar spratt opp som paddehattar. No er telt trendy igjen.

Foto: NRK

I Tafjord, eit steinkast eller to unna Valldal, går det også på mykje på telting denne sommaren.

– Særleg barnefamiliar tenkjer annleis enn før. Dei kjem med lavvoar og telt, og reiser gjerne fleire familiar i lag. Dei unge er oppteken av å ha det enkelt, og å lage opplevingar i naturen saman med borna, fortel Oddfrid Tafjord ved Tafjord Camping.

Kvinne framfor campinghytter i Tafjord på Sunnmøre

Oddfrid Tafjord driv campingplass i fjordbygda Tafjord.

Foto: Privat

Ved Tafjord camping har besøkstala gått litt ned i år, og Oddfrid trur det er vêret som gjer det.

– Men når sola sprett fram, då sprett turistane også fram. Så snart sola glyttar fram strøymer turistane til oss, seier ho.

Campingliv uansett

Familien Sandal Løyning frå Odda-regionen likar campinglivet, og er på bilferie på Vestlandet og Nord-Gudbrandsdalen. Ei overnatting i hytte på campingplassen i Tafjord har det også blitt.

– Sjølvsagt er det kjekkast med fint ver, men vi bestemte oss for at vi får ta det vêret vi får. Ferieturen går bra, uansett, ler Britha Sandal, i spissen for familien.

Familie på campingplass

Britha Sandal, Johanna, Halvar og Ove Løyning valde overnattinga hytte i Tafjorden.

Foto: Privat

I Tafjord overnatta dei i hytte, men har også med lavvo som dei skal ta fram etter kvart.


– Ligge i lavvo gjer vi fordi det er så kjekt! Nokre overnattingar til fjells skal vi ha oss før vi kjem heim, smiler familien.


Turen går frå Tafjord til Dombås via Trollstigen og så vidare til Lom der dei skal innom bakeriet til Schakenda frå Sunnmøre.

Så spørst det kva vêrgudane har på lur for resten av sommaren på nordvestlandet. Meterologane meiner det er grunn til optimisme om at det kan bli sommar og sol om ikkje så altfor lenge.