Hopp til innhold

«Byrampen» har blitt ramponert

Den populære turistattraksjonen «Byrampen» i Ålesund har truleg blitt utsett for hærverk natt til søndag. – Trist, seier prosjektleiar.

Byrampen Ålesund

«Byrampen» i Ålesund har blitt knust i løpet av natta. Utsiktspunktet er ein populær turistattraksjon i Ålesund.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Byrampen knust

Dette synet møtte Anita Jacobsen Marø søndag morgon.

Foto: Anita Jacobsen Marø

Då Anita Jacobsen Marø gjekk ein morgontur til Aksla søndag oppdaga ho at glaset på utsiktspunktet «Byrampen» hadde blitt knust. Like ved glaset låg det ein stor stein som truleg er årsaka til det knuste glaset.

Utsiktspunktet «Byrampen» ligg om lag midtvegs i trappene opp mot Fjellstuen i Ålesund og har blitt eit populært turistmål og ynda fotoobjekt.

Truleg hærverk

Det nyetablerte utsiktspunktet «Byrampen» var ein del av renoveringsarbeidet av Fjellstuetrappene og blei opna i fjor. Fjellstuetrappene er med sine 418 trappetrinn eit av dei største turistmåla i Ålesund og blir besøkt av tusenvis av turistar kvart år.

Byrampen i ålesund

Steinen trefte truleg glaset her.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Då NRK kontaktar politiet og Ålesund kommune søndag føremiddag er det ingen av dei som har blitt kontakta om skaden. Men allereie klokka 12.00 var prosjektleiar og avdelingsingeniør i Ålesund kommune, Steven Bendal, på plass for å undersøke skaden.

– Det ser ut som om nokon har tatt ein stein som låg i nærleiken og brukt den til å kaste eller slå mot glaset, seier han.

– Trist

Også denne dagen er det mange som har tatt turen til Fjellstuetrappene. Mange stopper opp og kommenterer skaden. – Så unødvendig, seier fleire av dei.

Byrampen Ålesund

Steven Bendal viser kvar steinen låg. Det er nokre meter frå sjølve «Byrampen».

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Det er totalt fem glasstykke på «Byrampen», og det er eit av desse som no er knust. I tillegg har det kome skader på sjølve platået. Steinen som har blitt brukt er relativt stor og Bendal er sikker på at skaden ikkje har skjedd med eit uhell.

– Eg veit kvar steinen låg og det punktet er om lag tre meter unna og omtrent ein meter lågare enn utsiktspunktet. Tyngdekrafta kan umogleg ha tatt den opp hit, og den veg såpass mykje at vinden ikkje kan ha flytta den. Nokon må ha løfta den, seier han.

– Det er veldig trist at nokon har gjort dette. Spesielt dumt er det at det skjer midt i turistsesongen når det er mange som tek turen til Fjellstuetrappene.

Byrampen i Ålesund

Det er det fremste glaset på «Byrampen» som har blitt knust.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Stenger «Byrampen»

Hærverket er no meldt til politiet og Bendal ber også om tips frå publikum.

Byrampen i Ålesund

«Byrampen» blei stengt i 13.00-tida søndag.

Foto: Ålesund Kommune

– Vi vil gjerne få beskjed dersom nokon har sett noko, seier han.

Glaset på «Byrampen» er sikkerheitsglas og det er difor ikkje farleg å gå ut på rampen, fortel Bendal. Kommunen bestemte seg likevel for å stenge utsiktspunktet søndag ettermiddag.

– Det blir gjort for å vareta sikkerheita til dei som bruker trappene, opplyser kommunen.

Det er så langt uklart kor lang tid det vil ta å skaffe eit nytt glas til rampen.