NRK Meny
Normal

Gutedraumen var å få seg ei eiga seglskute - no går draumen i oppfylling

Det er ikkje kva som helst slags trebåt Rune M.Torgeirson frå Kristiansund har gitt seg i kast med å byggje. Ned i minste detalj har han kopiert den tradisjonsrike klippfiskskonnerten.

Ein gutedraum er i ferd med å ta form i Kristiansund. Ein draum på 120 fot og laga av tre. Det er eit utruleg prosjekt Rune M.Torgeirson har gitt seg i kast med når han vil gjenskape ein av klippfiskskonnertane i byen.

Sjå TV-reportasjen om det utrulege byggeprosjektet til Rune M. Torgeirson frå Kristiansund.

Sitjande på dekk på eit skuleskip, bestemte han seg for å at han sjølv skulle ha seg ei slik skute når han vart vaksen.

Gutedraumen var å byggje ein ny generasjon av klippfiskskonnertane som før segla frå Kristiansund og ut i verda.

Det har teke seks år og mykje tolmod å byggje den unike treskuta "Ideal" på 120 fot, og meir tid vil det ta - men ein vakker dag skal ho segle på havet nett som forgjengarane sine.

Sjå Norge Rundt-reportasjen om det utrulege prosjektet her.