NRK Meny
Normal

Her kjem Europas største oppdrettsanlegg på land

Gründarar i Romsdal satsar stort på oppdrett av laks på land. No trur dei vi ser starten på eit nytt havbruks-eventyr i Noreg, utan verken lakselus eller andre sjukdomar.

Steinbrudd på Indre Harøya i Fræna i Romsdal

EUROPAS STØRSTE: Det gamle steinbrotet på Indre Harøya i Fræna har havet rundt seg på alle kantar. Her skal Europas største landbaserte oppdrettsanlegg kome.

Foto: Vasco Pinhol / Trolltegn

Det har vore spennande dagar for gründerane i Fræna på Romsdalskysten. Dei har venta på godkjenning for å starte opp det som blir Europas største oppdrettsanlegg på land. No har endeleg godkjenninga kome.

Satser stort på landoppdrett på Indre Harøya i Fræna

Dagleg leiar Ingjarl Skarvøy (til høgre) og styreleiar Kristoffer Reiten (til venstre) meiner det er store fordelar med å oppdrette laks på land. Dei trur mange vil komme etter, og byggje anlegg som er enda større enn her.

Foto: NRK More & Romsdal

– Det blir stort ja, det blir frykteleg stort, seier styreleiar Kristoffer Reiten i Salmon Evolution. Landanlegget vil koste tre milliardar kroner, og planen er å produsere nesten 30.000 tonn slakteklar laks. Det svarar til 100 millionar laksemåltid i året.

Dette trur dei må vere verdas beste plass å satse på landsoppdrett. Det at eit 20 år gammalt steinbrot skulle leggjast ned akkurat her, var bakgrunnen for ideen om å satse på land.

Hit kjem Europas største oppdrettsanlegg på land

At denne tomta på Indre Harøya i Fræna no blir ledig, var utgangspunktet for ideen om oppdrett på land seier dagleg leiar i Salmon Evolution Ingjarl Skarvøy.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Nytt havbrukseventyr på land

Store problem med lakselus og andre sjukdomar gjer at Noreg ikkje har fått den store veksten i oppdrettsnæringa, som mange har trudd ville komme. Problem med rømming og utfordringar knytt til handtering av lakselus, har gjort at utgiftene har blitt store for oppdrettarane. Det problemet seier dei blir løyst når dei får full kontroll på produksjonsmiljøet på land

– Den teknologiske utviklinga gjer at tida no er inne for å få til dette. Vi har utvikla system som gjer at vi kan sørge for at miljøet for fisken blir stabilt og bra. Vi trur no at fisken kan ha det betre på land enn i sjø, seier dagleg leiar Ingjarl Skarvøy.

Ser muligheitene i havet på land.

Kristoffer Reiten ser moglegheitene i havet på land.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Regjeringa har gitt ut gratis konsesjonar til satsing på land, noko som gjer at dei tør å ta sjansen. No håper dei at investorar og bankar trur på at dette blir suksess, slik at dei kan hente nok pengar til prosjektet.

Stadig meir av norsk laks blir oppdretta på land

Det var i 2016 at myndigheitene opna for vederlagsfrie konsesjonar til landbaserte oppdrettsanlegg. Det gjer at fleire no satsar. Fredrikstad Seafood og Erco i Hordaland er blant fleire som no bygger opp anlegg på land. Statssekretær i fiskeridepartementet Roy Angelvik synest det er spennande.

Roy Angelvik

Statssekretær Roy Angelvik synest det er ei spennande utvikling i oppdrettsnæringa. Han ser at folk no satsar i ulike retningar. Både til havs og på land.

Foto: Ole Christian Olsen

–Vi har no aktørar som er i gang, og vi veit om fleire som vil satse. Men enno veit vi litt lite om korleis dette vil bli og kva det vil koste, seier han.

Han er spent på om Salmon Evolution og dei andre aktørane vil lykkast, for det kan vere avgjerande for om meir av norsk oppdrett blir flytta på land. Sjølv om han ikkje trur det blir ein boom, ser han at norsk laks bruker stadig meir tid på land.

– I dag ser vi ein sterk tendens til at smolten er større og større før den blir sett i sjø. Produsere vi ein smolt som er 500 gram eller opp mot ein kilo, så skjer allereie veldig mykje på land, seier Roy Angelvik.

Vil gi mange arbeidsplassar i Romsdal

Fullt utbygd trur dei anlegget vil gi rundt 200 arbeidsplassar.

Oppdrettslaks hos Midt-Norsk Havbruk

Norsk laks blir stadig større før den blir slept ut i norske mærer.

Foto: Kjartan Trana / NRK

– 75 arbeidsplassar berre på anlegget som skal produsere slakteklar laks. I tillegg kjem eit smoltanlegg der vi treng ein 10 til 15 tilsette, seier Ingjarl Skarvøy.

Men laksen skal og foredlast lokalt, og det gjer at dei og treng rundt 100 personar til på slakting.

Det er ikkje berre i Noreg det blir satsa på land. I Miami i Florida er det andre romsdalingar som står bak satsing på det som blir verdas største oppdrettsanlegg for laks på land. Også i Polen blir det satsa.

– Eg trur ikkje dette blir det største i Europa lenge. Når vi lykkast med dette, så går det nok ikkje lenge før andre kjem og byggjer noko liknande eller enda større, seier styreleiar i Salmon Evolution Kristoffer Reiten.