Hopp til innhold

Bygger sin eigen hybel

Ein musikkstudent frå Skodje på Sunnmøre vel bort hybel og tar like godt med seg eit mikrohus til Trondheim når studieåret startar.

Studentar over heile landet kjempar no for å skaffe seg hybel før studiene startar. Ein musikkstudent frå Skodje på Sunnmøre tar like godt med seg sitt eige hus til Trondheim, eit heimesnekra mikrohus på hjul.

14 KVADRATMETER: I mikrohuset sitt har Ferstad fått plass til peis, kjøkken, toalett, seng og alt som er nødvendig, på berre 14 kvadratmeter.

Studentar over heile landet kjempar no for å skaffe seg hybel før studiane startar. Musikkstudenten Sondre Ferstad frå Skodje på Sunnmøre har valt ei litt utradisjonell løysing og har i staden snikra eit mikrohus. Han fortel at det er kjekt å få skape sitt eige hus i ein trong hybelmarknad.

– Gleda av å bygge og gleda av å sjå at det blir, før var det ikkje eit hus, men no er det eit hus. Det blir som å lage ei låt, før var det ikkje ei låt, men no er det blitt det.

14 kvadratmeter

Mikrohus under konstruksjon

Musikkstudent og mikrohus-byggar, Sondre Ferstad, fortel at det er fleire som har moglegheit til å gjere som han og bygge sin eigen hybel.

Foto: Frode Berg / NRK

I mikrohuset, som om eit par veker skal vere på plass i Trondheim, har Ferstad fått plass til peis, kjøkken, toalett, seng og alt som er nødvendig, på berre 14 kvadratmeter.

– Eg lir inga naud i dette huset, og likevel har eg fått plass til det på ein tilhengar. Det er det flotte. I dette huset her må eg tenke over innkjøpa mine, kva kan eg handle og kor mykje. Huset er så lite at om ein startar å fylle det med ting så blir det fullt, fortel Ferstad.

Ferstad trur at den løysinga han har vald i staden for å leige hybel og heller bygge seg eit mikrohus, er noko som er mogleg for fleire.

– Dette er mogleg for veldig mange. Det handlar om å vere dedikert nok og sette av nok tid til planlegging. Alle kan lære å sette inn eit vindauge og bruke ein drill.

Lang tid

Sondre Ferstad

Musikkstudent og mikrohus-byggar, Sondre Ferstad, gler seg til å flytte inn i det nye huset sitt.

Foto: Frode Berg / NRK

Til studiestarten skal huset trekkast til Trondheim og Ferstad har allereie fått fleire tilbod om stadar huset kan stå. Han ser for seg at mikrohuset kan vere bustaden hans i lang tid framover.

– Eg meiner at dette huset har det eg treng, så difor ser eg også for meg at dette er ein stad eg kan bu i all overskodeleg framtid. Eg gler meg veldig til å flytte inn. Det blir morosamt å sjå korleis kvardagen blir her, få folk på besøk og leve eit vanleg liv i eit nytt hus.