Det seier Øyvind Holten, dagleg leiar i Markussundet Eiendom.
Firmaet skal no undersøke om det er alvorlege skadar i betong og armering.
Viss ikkje held arbeidet fram med å bygge om det tidlegare fiskemottaket til bustader.
Det var litt før klokka 12 i går at det tok til å brenne i det tidlegare fiskemottaket Norfinn på Innlandet i Kristiansund. Planen er å bygge om fiskemottaket til bustader. Etter planen skal dei 50 leiligheitene vere klare til innflytting neste jul. Salet skulle starte til veka, men no kan det verte utsett.
Førebels er det berre rivearbeid som pågår i bygget. Skadeomfanget er difor minimalt etter brannen.