Hopp til innhold

Lyst til å bli like sterk som desse?

Treningskonseptet «Street Workout» har kome til Vestnes. Og tilbodet kan brukast av alle som vil – når enn det måtte vere.

Vestnes treningspark

Håkon Weiberg Olsen og Kay-Robin Knudsen demonstrer korleis treningsparken kan takast i bruk. Berre fantasien og muskelkrafta set grenser for kva ein kan finne på.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

– Eg håper ungdom kjem hit på kveldstid i staden for å henge ved bensinstasjonen og ete baconpølse, seier Falk Øveraas (19).

I Vestnes sentrum, rett ved fjorden, finst det eit grønt og tilrettelagt uteområde med benkar og fotballmål – ikkje ulikt slikt ein finn på dei fleste tettstader. Men, på det same området er noko nytt i ferd med å vekse fram. Store mengder bark har blitt helt ned i groper der høge konstruksjonar av stålstenger har blitt sett opp. Dit er det meininga at folk skal kome – når enn dei vil – for å bli varme, sveitte og sterke.

– Her på Vestnes treningspark kan dei kome med venninner og kompisar og trene når enn det skulle vere, legg Øveraas til.

Artikkelen held fram etter bildet.

Vestnes treningspark

Falk Øveraas (19), Jørgen Sundnes (19), Sondre Nerhus (18), Håkon Weiberg Olsen (17), Alv Reinhart Weiberg Olsen (19) og Kay-Robin Knudsen (35) har lagt ned fleirfaldige dugnadstimar for å få opp treningsparken i Vestnes sentrum.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Dugnadsarbeid

Ein gjeng ungdommar har den siste tida lagt ned fleirfaldige timar i arbeidet med å bygge eit utandørs treningstilbod som alle kan bruke.

– Bakgrunnen er mangel på tilbod i kommunen. Det er få alternativ for dei som ikkje interesserer seg for sykling og ballsport, seier Alv Reinhart Weiberg Olsen (19) som er ein av initiativtakarane.

Med hjelp frå lokalt næringsliv og sveisarar er det ikkje lenge att før dei kan kalle parken for offisielt opna.

– Det har vore lange dagar. Ofte har vi ikkje gitt oss før midnatt, men det er verdt, seier Øveraas.

– Bruk fantasien

Treningsparken byr på ei rekke enkle apparat som ein skal bruke si eiga kroppsvekt til å trene med.

– Ein kan bruke apparata til å løfte seg sjølv eller trene koordinasjon. Det er berre fantasien og dine psykiske sperrer som set grensene for kva du kan gjere, seier Weiberg Olsen.

Tilsvarande treningsparkar finst berre eit fåtal plassar rundt om i landet. 19-åringen trur det vil bli fleire etter kvart.

– Det er ein blomstrande trend. På Youtube finst det mange videoar med denne typen trening, og det er noko som har kome først i det siste. Vi ønskjer derfor å byggje eit miljø for denne type trening på Vestnes, seier han.

Artikkelen held fram etter videoen.

Ungdommar i Vestnes har bygd ein utandørs treningspark på dugnad.

SJÅ VIDEO: Vestnes treningspark er gratis og fritt tilgjengeleg for alle som vil prøve seg.

Vil arrangere NM

Kay-Robin Knudsen (35) har hjelpe til med sveisinga av apparata. Han er entusiastisk over den nye treningsforma.

– Eg trenar ein del med vekter og det går føre seg inne. Dette er eit veldig godt alternativ der ein trenar utandørs med si eiga kroppsvekt. Så har vi badestranda rett ved så vi kan kjøle oss ned mellom øktene, seier Kay-Robin Knudsen (35).

På sikt har ungdomsgjengen ambisjonar om å arrangere NM i «Street Workout» (gatetrening) som vart arrangert på Austlandet i mai.

– Det hadde vore kult å ha hatt noko slikt her, seier Weiberg Olsen.

Vestnes treningspark

Falk Øveraas og Alv Reinhart Weiberg Olsen testar eitt av apparata. Litt meir bark må til for at det er godkjent for offentleg bruk.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK