NRK Meny
Normal

Bygdeutviklingspris til Tingvoll

Bygdeutviklingsprisen 2010 går til Line Nord Stølan.

Ho har kjøpt eit lite småbruk på Tørrlenna i Tingvoll, der ho mellom anna driv med rideundervisning og avlasting for barn og unge.

Bygdeutviklingsprisen skal motivere gründerar og småbedrifter, og synleggjere betydninga dei har for næringslivet.