Utvikling
Formann i bygdeutvalet, Einar Kjerstad, seier ei av hovudårsakene til at dei vil forhandle med Havgul er at øya ikkje kan overleve på fin natur åleine.
- Vi kan ikkje vente særleg lenger på utviklinga. Vi er nøydde til å gjere noko, seier Kjerstad.
Kjerstad har heile bygda med seg i at Havsul II kan skaffe arbeidsplassar til bygda. Eit folkemøte på Lepsøya har samrøystes gått inn for Havsul ll-prosjektet, men på visse vilkår.
Arbeidsplassar
Mellom anna er det eit vilkår at det blir skapt arbeidsplassar på Lepsøya som følgje av vindmøllesatsinga.
- Det er ei kjempemessig utbygging og ei kjempemessig investering, og den skal vi ha litt igjen for. Det er ikkje noko urimeleg krav, seier Kjerstad.
Kjerstad håpar no at Havgul kjem på banen.
- Vi ønskjer å få til ein dialog med utbyggaren for å finne ut korleis ein kan få til eit samarbeid og ei utbygging som alle kan leve med, seier Kjerstad.