Hopp til innhold

Bygde isolert hus for å beskytte piggsvinet mot frost

Då eit piggsvin i naud dukka opp på trappa, vakna hobbysnikkaren. No kan den vesle krabaten halde varmen gjennom frostnettene i eige hus med soverom og kjøken.

Inger Beate Dyrstad

DYREVENN: Inger Beate Dyrstad er ein ekte dyrevenn.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Det er eit sikkert vårteikn at piggsvina luskar seg ut av dvalen, klare for å finne seg ein make og føre slekta vidare. Men piggsvinet Inger Beate Dyrstad fann på trappa si i Ålesund onsdag såg slapt ut, og ho kontakta difor dyrlege.

– Eg ringde Piggsvinhjelpen først, men dei har ikkje opna enno fordi piggsvina er i dvale. Så då kontakta vi dyrlege, som sa vi burde hjelpe han så godt vi kunne, og at det var kaldt for han å vere ute av hiet no når det er frost om nettene, fortel ho.

Bråka heile natta

Første natta hadde ekteparet Inger Beate Dyrstad og Marius Falkevik piggsvinet i ei pappkasse på soverommet sitt med tilgang på mat, drikke og ly.

Det blei ein del ståk og lite søvn på ekteparet gjennom natta, sidan dyret er nattaktivt.

– Så då bestemte vi oss for å bygge hus til det. Mannen min elskar å snikre, og er veldig glad i dyr, så det blei eit skikkeleg, isolert hus med soverom og kjøkken, fortel Dyrstad.

Her bur Per Piggsvin.

Her bur Per Piggsvin

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Huset er ikkje heilt ferdig, det skal bli oppgradert med funkistak og vindauge etter kvart. Piggsvinet ser ut til å trivst veldig godt i det varme hiet, og han søv, et og drikk.

– Vi har googla heftig, og funne ut at det er viktig for piggsvin å vite om det er natt eller dag, så då må han ha vindauge.

Inger Beate Dyrstad er lærar med heimekontor som lærarar flest i disse dagar, og piggsvinet som no har fått namnet Per var med på digitalt morgonmøte med resten av lærarane fredag morgon. Ungdomsskuleelevane har også fått møte han gjennom dataskjermen.

Per Piggsvin kosar seg i huset sitt

Per Piggsvin trivs godt i det nye huset sitt.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Per Piggsvin er inngjerda no, men Inger Beate Dyrstad slår fast at han skal få sleppe heilt laus etter kvart.

– Det er ikkje for å få oss eit kjæledyr vi gjer dette. Men piggsvin i hagen held unna rotter og mus, så det hadde vore fint om han slo seg til her i området frivillig.

Toroms hus til piggsvin

Huset til Per Piggsvin er toroms, isolert og med vindsperre. Etter kvart skal han også få vindauge, karnapp og funkistak.

Foto: Privat

– Veldig yre

Beate Strøm Johansen er piggsvinekspert, forskar og zoolog ved Naturmuseum og Botanisk hage ved Universitetet i Agder. Ho synest det er heilt fantastisk at ekteparet har laga eit bol til piggsvinet no når det er kuldegrader om natta. Men ho seier det også er naturleg at dyra vaknar frå dvale no.

Beate Strøm Johansen

Beate Strøm Johansen

Foto: Kai Stokkeland/NRK Sørlandet

– Spesielt hannane er veldig yre og opptatt av å treffe damer no. Det er naturleg at dei skal opp no, og vi kan ikkje tvinge dei tilbake i dvale, seier ho.

Ho fortel at piggsvin er utryddingstrua i mange europeiske land, det var det også i Noreg før, og dyret er framleis freda her.

– Det er menneskeleg aktivitet som truar bestanden i dei landa dei er raudlista. Men eg trur det går bra. Dei er ordentlege urtidsdyr som har klart seg i millionar av år. Sjølv om dei ser veldig søte og nusselege ut, er dei mykje tøffare enn vi trur, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL