Hopp til innhold

Butikksjefane blir rundstolne no i desember

MOLDE (NRK): Kjem du inn på kjøpesenteret med ei stor jakke og ryggsekk passar dei ekstra nøye på deg. No i desember blir varer for 400 millionar kroner stolne frå norske butikkar.

Solvår Nerland t.v. og Anne Lise Sæter Simonsen

Sjølv dei som blir tekne på fersken, nektar gjerne, seier butikksjef Solvår Nerland t.v. og senterleiar Anne Lise Sæter Simonsen i Molde.

Foto: Ann Eli Nøsen

Det er klementinar, peparkaker og julemusikk i butikkar over heile landet no i førjulstida. Handelsstanden kan vente seg storbesøk for handleglade nordmenn, men ikkje alt er like hyggeleg.

– Vi finn kvar veke emballasje der produkta har blitt tatt utan å bli betalt, seier butikksjef Solvår Nerland hos G-sport på kjøpesenteret Amfi Roseby i Molde.

Ho har etter kvart fått eit trent auge for å sjå folk som merkar seg ut. Har dei i tillegg store jakker og ryggsekkar, følgjer ho ekstra godt med.

Trur det blir stole for store beløp

Solvår Nerland t.v. og Anne Lise Sæter Simonsen

Sjølv dei som blir tekne på fersken, nektar gjerne, seier butikksjef Solvår Nerland t.v. og senterleiar Anne Lise Sæter Simonsen i Molde.

Foto: Ann Eli Nøsen

Arbeidsgjevarorganisasjonen Virke har rekna ut at det blir stole for 400 millionar frå norske butikkar berre no i desember.

Ifølgje handelsstanden blir alarmbrikkene som heng på mange varer klipt av, alarmsøylene ut av butikken blir avinstallert eller tjuvane spring sin veg før dei tilsette rekk å reagere.

Men mange blir også oppdaga, og blir då automatisk melde til politiet.

– Det er ikkje noko behageleg, men dessverre blir du vant til det også, seier senterleiar Anne Lise Sæter Simonsen.

– Utnyttar bråket og ståket

Thor Martin Bjerke

Tryggleiksrådgjevar Thor Martin Bjerke hos Virke seier dei ventar tjuveri for 400 millionar kroner frå norske butikkar i desember.

Foto: Lokman Ghorbani / NRK

Tryggleiksrådgjevar Thor Martin Bjerke i Virke seier dei trur folk stel meir i desember mellom anna fordi enkelte trur dei ikkje blir oppdaga i julestresset.

– Det kan vere at ein del trur at dei kan bli mindre oppdaga i ein periode der det er mykje folk og ståk i butikken, seier han.

Virke har også rekna seg fram til at deira eigne tilsette står for meir enn halvparten av tjuveria i desember. Bjerke forklarer det med at dei kan klare å stele meir når dei først slepper til.

Dei har gjerne fortrudde stillingar og kan dermed stele større beløp enn ein butikktjuv, seier han.

Melder alle til politiet

På Amfi Roseby i Molde blir alle tjuveri melde til politiet, uansett kor små dei er. På den måten vil senterleiinga vise kor alvorleg dei ser på butikktjuveria. Butikksjef Solvår Nerland seier dei har tjuvar i alle aldrar og alle slags livssituasjonar. Felles for dei er at dei færraste legg korta på bordet, sjølv når dei blir tekne på fersken.

Dei aller fleste nektar jo, men når vi legg fram bevis, må dei jo gje etter, seier ho.