Hopp til innhold

Butikksenter totalskadd i brann

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Eit butikksenter på Liabø i Halsa kommune har brunne ned til grunnen. – Vi har full kontroll, seier brannsjefen.

(Videoen over er filma av Einar Vågland og er lagt ut på You Tube)

Brannsjef i Halsa kommune, Kåre Dønheim, seier at dei vil la bygget brenne kontrollert ned til grunnen. Det er nemleg ikkje mogeleg å redde.

– Bygget er totalskadd. Vi skal no passe på at det ikkje blir brannsmitte på andre bygningar, og slik det ser ut no er ikkje det noko problem. Vi har full kontroll, seier brannsjefen i Halsa.

Brannvesenet heldt på med etterslukking langt ut på morgonkvisten, og er der framleis for å kontrollere.

Tapte verdiar

Brann i butikksenter Halsa

Brannvesenet stod på utover morgontimane, men ei kontrollert nedbrenning var løysinga.

Foto: Roar Hatlen
brann halsa

Bygget stod ikkje til å redde.

Foto: Roar Halten

Brannen starta i daglegvarebutikken Coop Vågland, men det er òg fleire andre butikkar på senteret. Klokka 23.45 opplyser operasjonsleiar Sigvart Sivertsen ved Romsdal og Nordmøre politidistrikt at det farmleis brenn i bygningen.

Det er for seint å berge byningen, og brannvsenenet har sikra ei kontrollert nedbrenning. Mykje har gått tapt i butikksenteret, blant anna store mengder post har forsvunne med elden.

– Butikksenteret er ekspedisjonsstedet for post, og det er klart at det ligg post her som ventar på henting, fortel brannsjef Dønheim.

Butikksenteret er den største av berre tre kolonialbutikkar i kommunen, og tapet av butikken vil merkast godt av innbyggjarane i området.

– Forferdeleg trist

Leiar for Coop, Randi Margrete Sætervik, stod og såg på at butikken hennar brann.

– Det er heilt tragisk! Heilt forferdeleg trist, seier Sætervik.

Ho fekk vite om brannen då ei venninne ringde og fortalde om det som hadde skjedd.

Frakta bort propanflasker

Brann i Liabø

Bilete teke frå webkameraet til Svorka.

Foto: Svorka

Brannen er så kraftig at flammane har gått gjennom taket, og bygningen er fullstendig overtent. Heldigvis er det gunstige vindforhold på staden.

– Slik det er no er det nesten ikkje vind og dermed lite fare for spreiing, sa Harald Melland i Romsdal og Nordmøre politidistrikt tidlegare i kveld.

Det står ei eller fleire bensinpumper ikkje langt frå bygningen som brenn, men så langt er dei ikkje i fare, opplyser politiet.

Ei stativ med propanflasker er blitt nedkjølt og flytta.

Omkøyring

Vegen er no open for gjennomkøyring. På grunn av brannen var E39, som går forbi staden, stengt.