NRK Meny
Normal

Garasjebrann spreidde seg til hus - to personar kom seg ut

Ein garasjebrann spreidde seg til eit bustadhus på Vikebukt i Vestnes onsdag ettermiddag. To personar kom seg uskadde ut.

Laster kart, vennligst vent...

– Brannmannskap jobbar med å få kontroll på situasjonen, sa Harang klokka 17.37.

Det starta å brenne i ein garasje like etter klokka 17.00, før brannen spreidde seg vidare til bustadhuset like ved.

– Brannen spreidde seg og på eitt tidspunkt var det full fyr i ein loftsetasje, seier Harang til NRK.

Like etter klokka 18.00 hadde brannvesenet kontroll på brannen, før brannen litt seinare blei meldt sløkt. Brannmannskap driv no ettersløkking på staden.

To personar i huset

Politiet opplyser klokka 19.00 at det budde to personar i bustadhuset.

– Begge kom seg uskadde ut av huset då brannen blei oppdaga, seier Harang.

Ingen av dei kom til skade. I huset er det meldt om brann-, røyk- og vasskadar.

Huset er ein einebustad i eit byggefelt på Vikebukt i Vestnes. Alle naudetatane rykka ut etter melding klokka 17.12.

Saka blir etterforska vidare av politiet.