Hopp til innhold
Bustadbrann på Sjøholt

Bustadbrann på Sjøholt

Oppsummert

Brannvesenet rykka ut etter meldingar om kraftig røykutvikling i eit bustad på Sjøholt.

  • Arbeider for å få sløkt brannen

    Brannvesenet er no inne igjenmed røykdykkarar på loftet i huset. Det er eit kryploft, svært varmt og ikkje ein heilt enkel operasjon, seier Nils Bjerknes, operasjonsleiar ved 110-sentralen. Han nemner også at dei framleis blir ringt opp av folk som køyrer forbi Sjøholt med varsel om brann, men brannvesenet har kontroll på staden.

  • Røykdykkerar arbeider på staden

    Brannvesenet hadde røykdykkarar inne i bustaden, både på loftet og i hovudetasjen, men har no valt å trekke seg ut på grunn av sterk varme. Dei arbeider med å sløkke brannen frå utsida no. Det er framleis uklart om det er personar inne i huset, melder 110-sentralen til NRK.