Hopp til innhold

Bustadbrann i Ulsteinvik var påsett

Politiet stadfestar at brannen i Ulsteinvik natt til søndag var påsett. Det er andre gong nokon set fyr på bustaden på tre veker.

Brann i Ulsteinvik 251015

Natt til søndag sette nokon fyr på ein tomannsbustad i Ulsteinvik.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Konklusjonen til brannteknikkar på staden er at brannen er påsett, seier Grete Hjelle, etterforskingsleiar i Sunnmøre politidistrikt til NRK.no.

Brann Ulsteinvik 251015

Politi og brannvesen jobba søndag på staden.

Foto: Arne Flatin / NRK

Det var i 03.30-tida natt til søndag at 110-sentralen i Møre og Romsdal melde om brann i ein bustad like ved Høddvoll i Ulsteinvik.

Brannen starta i den eine delen av ein tomannsbustad. 12 personar, blant anna fleire barn, vart evakuert frå bustadane. Ingen personar vart fysisk skadd i brannen. Kriminalteknikarar har jobba på staden heile søndag, og i 14.00-tida søndag kunne politiet stadfeste at brannen var påsett.

– Brannen skal ha starta i ei bod som stod inn til bustaden, og skal så ha spreidd seg vidare til resten av huset, seier Hjelle.

Ho vil ikkje kommentere korleis brannen vart starta.

Ser bort frå hatkriminalitet

Politiet har søndag gjennomført avhøyr av personane som var i tomannsbustaden då den byrja å brenne, samt rundspørjing i nærområdet. Politiet vil halde fram med avhøyr og etterforsking måndag.

Innsatsleder i politiet, Grete Hjelle

Etterforskingsleiar i Sunnmøre politidistrikt Grete Hjelle.

Foto: Svein Smørdal / NRK

Etterforskingsleiaren fortel at dei så langt ikkje har nokon mistenkte i saka.

Alle dei 12 bebuarane i tomannsbustaden er utanlandske statsborgarar, men det skal ikkje vere mistanke om rasistiske motiv bak brannen.

– Nei, vi har ingen haldepunkt for at motivet for brannen var rasisme eller hatkriminalitet, seier Hjelle.

– Er det ei moglegheit de utforskar?

– Vi held alle moglegheiter opne, men per no har vi ingen haldepunkt for at rasisme skal vere motivet, seier Hjelle.

Brann også for tre veker sidan

Også for om lag tre veker sidan sette nokon fyr på trappa utanfor den andre delen av tomannsbustaden.

Brann i bustad Ulsteinvik 251015

Bustaden fekk store skader i brannen.

Foto: Arne Flatin / NRK

Brannen vart raskt sløkt, og det var berre snakk om små skader på bustaden. Hjelle fortel at dei ikkje ser nokon samanheng mellom dei to brannane.

– Den brannen er oppklart og vedkomande som starta den brannen har vore i varetekt sidan den gong, så det er ikkje snakk om same person, seier ho.

– Kva var motivet i denne saka?

– Det ønskjer eg ikkje å kommentere på dette tidspunktet, seier Hjelle.