NRK Meny
Normal

Hus totalskadd i brann

Fredag kveld byrja det å brenne i ein bustad på Surnadalsøra i Surnadal kommune. Brannvesenet var raskt på staden, men huset stod ikkje til å redde.

Brann Surnadal

Fredag kveld byrja det å brenne i ein bustad på Surnadalsøra.

Foto: Jon Storholt

I 18-15-tida fredag kveld melde 110-sentralen i Møre og Romsdal om ein bustadbrann i Surnadalsøra. Då hadde brannvesenet akkurat kome fram til staden.

Like etter melde politiet at huset var overtent.

– Eigaren av bustaden er ute på reise, så det var ikkje nokon inne i huset, seier operasjonsleiar Tove Anita Asp i Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Røykdykkarar frå brannvesenet tok seg inn i bustaden for å forsikre seg om at det ikkje var nokon inne i huset.

Brannvesenet kom raskt til staden, men bustaden vart totalskadd i brannen.

Ikkje fare for spreiing

Brannvesenet fekk raskt kontroll over brannen og i 22.00-tida fredag var brannen heilt sløkt.

Brann Surnadalsøra

Det var ikkje fare for at brannen skulle spreie seg til nærliggande bustadar.

Foto: John J Storholt

– Det var aldri fare for at brannen ville spreie seg, seier Tor Inge Skjåstad ved 110-sentralen.

Bustaden skal ha fått store brann- og røykskadar innvending, men få utvendige skader.

Ukjent brannårsak

Det er så langt ukjent kva som er årsaka til brannen.

– Det er meldt om røyk og gnistar inne i huset, så det kan vere snakk om ein ulmebrann, men på dette tidspunktet er det vanskeleg å seie noko meir, fortel Skjåstad ved 110-sentralen.

Laster kart, vennligst vent...

Fredag kveld byrja det å brenne i ein bustad på Surnadalsøra.