Hopp til innhold

Fire til sjukehus etter brann

Fire personar er frakta til sjukehus etter ein brann i eit leilegheitsbygg på Nordlandet i Kristiansund.

Brann i Kristiansund. STK

Sjå videoen: Det var i 18.00-tida torsdag at brannvesenet fekk melding om ein bustadbrann på Nordlandet i Kristiansund.

Brann Kristiansund 170316

Alle naudetatane rykka ut til staden.

Foto: Roar Halten / NRK

Like før klokka 19.00 bekreftar politiet at fire personar er frakta til sjukehuset i Kristiansund etter brannen.

– Det er så langt uklart kor alvorleg skadd desse er, seier Styrkar Gagnat, operasjonsleiar i politiet.

Uklart skadeomfang

Brannvesenet har søkt gjennom huset og det skal ikkje vere nokon andre inne i huset.

Brann Kristiansund 170316

Huset har tydelege røykskadar etter brannen.

Foto: Roar Halten / NRK

– Leilegheitene er brannskadd, men vi har enno ikkje oversikt over kor store desse skadane er, seier Gagnat.

Det er truleg snakk om store materielle skadar i dei fire leilegheitene. Brannårsaka er så langt ukjent, men saka vil bli etterforska av politiet.

– Vi vil gjennomføre undersøkingar på brannstaden fredag, seier Gagnat.

Brannvesenet skal i løpet av kvelden undersøke skadane og prøve å berge ut dei gjenstandane i bustaden som kan reddast.

Minst fire leilegheiter

Det var i 18.00-tida torsdag kveld at brannvesenet fekk melding om ein bustadbrann på Nordlandet i Kristiansund.

Brannvesenet, politi og ambulanse rykka raskt ut til staden. Klokka 18.40 kunne 110-sentralen i Møre og Romsdal melde at brannen var sløkt.

– Det skal vere snakk om ein bustad med minst fire leilegheiter. Huset var overtent då brannvesenet kom fram til staden, seier Rian Morrison operasjonsleiar ved 110-sentralen i Møre og Romsdal til NRK klokka 18.20.

Brann i Kristiansund

Det var i 18.00-tida torsdag at brannvesenet fekk melding om ein bustadbrann på Nordlandet i Kristiansund.

Foto: Roar Halten / NRK
Brann Nordlandet