Hopp til innhold

Bustadbrann i Kristiansund

Eit hus står i brann i Rensvika i Kristiansund. Etter det politiet erfarer, er det ingen som bur i huset.

Huset ligg eit stykke unna andre hus, like ved Kvalvågvegen. Operasjonsleiar ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt, Styrkar Gagnat, seier at den førebelse informasjonen dei har, går ut på ingen bur i huset.

– Det brenn godt i huset, seier Gagnat.

110-sentralen melder at det eldre huset er overtent. Dei fekk melding om brannen klokka 21.16 av forbipasserande.

– Det er ikkje fare for spreiing av brannen, seier Tor-Ivar Sjåstad, som er operatør ved 110-sentralen. Brannvesenet er der med fleire bilar. Klokka 21.50 melder brannvesenet at dei har kontroll på brannen.