Hopp til innhold

Bustadbrann i Brandal

  • Ettersløkking på Brandal

    Brannvesenet driv no med ettersløkking av den brutale brannen på Brandal i Hareid. Politiet opprettar sak, og opplyser at brannstaden vil bli undersøkt når det er mogeleg. Dei kan ikkje uttale seg om brannårsak enno.

    Laster Twitter-innhold
  • Bustadhus totalskadd

    Klokka 19.00 opplyser 110-sentralen at huset på Brandal ikkje står til å redde. Brannvesenet har klart å dempa flammane, men det er framleis mykje sløkkearbeid som står igjen. Politiet opplyser at nabohusa blir evakuert på grunn av kraftig røykutvikling.

    Brann på Brandal
    Foto: Svein Smørdal
  • Bustadhus overtent

    Eit bustadhus står i full fyr i Brandal i Hareid kommune. Ifølgje 110-sentralen er brannvesenet framme på staden. Dei har ikkje kontroll på brannen enno, men opplyser at det ikkje er fare for spreiing. Alle som bur i huset skal vere ute.

    Brann i hus i Brandal i Hareid
    Foto: Svein Smørdal

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL