Hopp til innhold

Bussjåføren: – Bubilen låg for langt inne

Tre personar fekk mindre skadar etter at ein buss køyrde av vegen og velta ved Trollstigen i Rauma torsdag ettermiddag.

Bussvelt Trolstigen

BUSS VELTA: Bussulykka skal ha skjedd ved Soggesætra i Isterdalen i Rauma.

Foto: Ottar Rydjord

Det var like før klokka 14.00 politiet melde om at ein buss hadde køyrd av vegen ved Trollstigen.

Bussvelt Trolstigen

Bussen hamna i grøfta.

Foto: Ottar Rydjord

Ulykka skal ha skjedd på Soggesætra som ligg i Isterdalen. Dette er vegen til og frå Trollstigen. Vegstrekninga er blant dei mest trafikkerte i Noreg, spesielt på sommarstid.

Bussen skal ha køyrd av vegen i møte med ein bubil, fortel politiet.

Totalt skal det ha vore 32 personar i bussen. Passasjerane skal ha kome seg ut av bussen på eiga hand. Tre av dei som var om bord i bussen blei frakta til legevakt for sjekk.

– Dei andre blir henta av ein annan buss om få minutt og bilberging er rekvirert, sa politiet klokka 15.00.

Bussulykke ved Isterdalen i Trollstigen

Det skal ha vore rundt 32 personar i bussen.

Foto: Elver Atlason

Bussjåføren: – Ikkje hysteriske tilstandar

Bussen med turistar kom frå Ålesund og skulle tilbake dit då ulykka skjedde.

– Vi var berre 500–600 meter frå gjestegarden der vi hadde lunsj. Då møtte vi ein bubil. I utgangspunktet skulle det vere plass til to bussar, men bubilen låg for langt inne i bana. Eg såg for seint at han ikkje ville svinge ut. Då hamna vi utanfor asfaltkanten med hjulet, fortel bussjåfør Niels Christian Stephansen til NRK torsdag ettermiddag.

Han seier at farten var om lag 60 kilometer i timen under utforkøyringa.

– Det gjekk etter tilhøva bra. Det var ikkje hysteriske tilstandar. Éin person vart lettare skadd, seier Stephansen.

Bussvelt Trolstigen

Ein del av passasjerane på bussen.

Foto: Ottar Rydjord

Operasjonsleiar John Bratland seier at bubilsjåføren mest sannsynleg ikkje fekk med seg kva som skjedde.

– Vi har ikkje nokon opplysningar som tilseier at sjåføren er skuldig i å stikke frå ei ulykke, seier Bratland til NRK.

Hjelpte folk ut av bussen

Vitnet Elvar Atlason (35) var ein av dei første som kom til staden etter ulykka.

– Eg håpte på at ingen hadde hamna under bussen eller blitt fastklemt, men heldigvis gjekk det bra.

Trafikkulykke Isterdalen, Trollstigen

Bussen skal ha hamna i grøfta og velta etter å ha møtt ein bubil.

Foto: Ottar Rydjord

– Dei om bord i bussen heldt på å sparke ut frontruta. Eg hadde ein hammar i bilen og hjelpte til å knuse ruta og få passasjerane ut av bussen. Vi fekk også opna naudutgangen oppe på taket av bussen og drege ut folk der, fortel han.

I tillegg til dette hadde passasjerane greidd å knuse bakruta på bussen sjølve. Atlason fortel at mange av passasjerane låg oppå kvarandre inne i bussen. Ifølgje han skal det både ha vore vaksne og barn i bussen.

– Nokre var litt sjokkerte, men dei fleste var rolege, seier Atlason.

Bussen ligg på sida

Klokka 14.10 opplyste 110-sentralen at bussen låg på sida, men at ingen var fastklemde.

Ifølgje Tor Ivar Sjåstad, vakthavande operatør i 110-sentralen, låg bussen stabilt.

Vegen vart opna for vanleg trafikk igjen frå om lag klokka 16.45.

Ein periode litt seinare igjen var vegen stengt grunna berginga av bussen, men klokka 18.15 var vegen open igjen, ifølgje Vegvesenet.

Bussvelt Trolstigen

Bussen hamna i grøfta ikkje langt frå Trollstigen.

Foto: Ottar Rydjord