Hopp til innhold

No er bussturistane meir feriekresen

Turistane over femti vil ikkje lenger bruke sommarferien på ein busstur til høgfjellshotell i Noreg. No vil dei ut i Europa, og dei vil ha luksus.

Turister i Italia

Busstur til høgfjellshotell er no ein saga blott. No vil dei litt eldre turistane reise lenger, og oppleve meir. Her er dei i Venezia.

Foto: Gerd Anne Vik Flø

– Busstur til høgfjellshotell er ein saga blott, dei turane sel vi ikkje lenger, seier Nina Brendskag i Peer Gynt Tours AS i Kristiansund.

Nina Brendskag

Nina Brendskag i Peer Gynt Tours seier turistane vil ut i Europa.

Foto: ARTUR ALAN WILLMANN

Reisande som før synes det var kjekt med ein busstur til eit høgfjellshotell i Noreg, vil no ut i Europa. Og dei forventar ein viss standard.

– Vaksne turistar er meir kresne

I tillegg er dei eldre som planlegg ferieturane no, blitt meir reisevande. Dei har hatt med seg familien på pakketurar til Syden i mange år. No skal dei nyte livet og er berre fornøgde med det aller beste.

– Dei, som mange andre, er også blitt meir kresne. Dei vil ha dei beste hotella, den beste maten og dei beste guidane, seier Brendskagen.

Slik har det ikkje alltid vore.

–Det har skjedd ei forandring ja. Vi har hatt ein nedgang i reine bussturar, no er det ofte buss i kombinasjon med fly. Mange har lite tid, og vil komme seg dit dei skal raskt, seier Brendskagen.

Turistane er også meir førebudde

Gerd A. Vik Flø og Pål Arve Indergård

Gerd A. Vik Flø og sjåfør Pål Arve Indergård har vore på tur saman i 15 år.

Foto: Privat

Gerd A. Vik Flø er reiseleiar, og er akkurat komen heim frå busstur til Sottomarina på kysten av Adriaterhavet i Italia. Dei som var med var stort sett 50 pluss, og kom frå heile Sør- og Midt-Noreg. Ho har vore reiseleiar sidan 1986 og flirer på spørsmål om det stemmer at dei over 50 har blitt eit meir kresent publikum.

– Ja det skal være visst, ler ho.

Ho kan nesten ikkje hugse når ho sist hadde med seg ei pensjonistgruppe til eit høgfjellshotell.

– Det trur eg det nesten er heilt slutt på, seier ho.

Ho fortel at dei som er med, har googla plassane dei reiser igjennom og kan mykje. Då er det viktig at reiseleiaren kan det som dei ikkje har funne ut av sjølve.

Vil bli overraska

Flø seier at dagens bussturist vil ha komfort, og gjerne spa. I tillegg vil dei bu på flotte hotell, ete god mat og drikke god vin.

– Skal vi imponere dei så må vi gi meir enn dei forventa på førehand. Som at badebyen vi besøker ligg intill ein vakker gamleby.

Ho seier at det alltid vil være folk som ikkje vil ta fly. Og sjølv om turistane ikkje alltid ser så mykje når ein køyrer fort på autobanen nedover Europa, er det mykje guiden kan fortelje om sjølv om turistane ikkje ser det.

Vil at livet skal vere meir enn ein tur på høgfjellshotell

Knut Åkre

Knut Per Åkre vil gjerne at livet skal vere meir enn ein tur på høgfjellshotell.

Foto: Privat

Knut Per Åkre var med Flø si reisegruppe til Italia i summar. Han er ein av dei som er over 50 og vil gjerne at livet skal være mykje meir enn ein tur på eit høgfjellshotell. Han seier at turen var heilt fantastisk.

– Eg er litt høg på livet no etter det turen ja, seier han.

Han meiner det er typisk for dei som reiser på busstur at dei er samfunns- og historieinteresserte. Sjølv jobbar han no for Utdanningsdirektoratet i Oslo, men han har jobba som rektor i mange år ute på Haramsøya i Haram kommune.

Før brukte han og kona å køyre på ferietur sjølve. Men sidan han mista kona si i 2004, har han reist på kryss og tvers gjennom heile Europa med buss. Der møter han mange medturistar som gir han mykje glede.

– Vi er ofte litt like vi som er på tur, seier han.

– Eg trur kanskje ein tredel var lærarar.

Det sosiale er det viktigaste

Åkre er einig i at dei som deltek på bussturane forventar eit visst produkt.

– Ja, vi vil at det skal være bra standard og god mat gjerne som er typisk for den plassen vi besøker.

Men det som er viktigare enn god standard ifølge Åkre, er det sosiale elementet.

–Å få nye vener og kjenningar som du kan dele opplevingar med er viktig. Det er berre så vedunderleg kjekt å være på tur, seier han.

Denne gongen var det nordaust-Italia han og dei andre medpassasjerane ville sjå, med Venezia som hovudmål.

Reisefølgjet besto av mange andre frå nordvestlandet der han bur.

– Eg skal tilbake til Italia alt i oktober. Då skal eg saman med eit reisefølgje på gåtur. Vi skal besøkje små klippebyar i Nordvest-Italia. Di meir eg reiser, di meir vil eg reise, seier han.