Hopp til innhold

Bussjåføren vil anke varetektsfengslinga

Den ukrainske sjåføren som køyrde ulykkesbussen i Valldal laurdag, er varetektsfengsla i fire veker. No vil han anke avgjerda.

Bussulykke Vallda

Ein person omkom og 14 vart sendt på sjukehus etter ulykka i Valldal på laurdag.

Foto: Svein Ove Ekornesvaag, Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Den ukrainske bussjåføren som er sikta for aktlaust drap etter ulykka i Valldal der éin person omkom og fjorten vart sendt til sjukehus, er varetektsfengsla. Politiet bad om varetekt i fire veker fordi dei frykta at mannen skulle forlate landet før etterforskinga var ferdig.

Les også:

For høg fart på smal veg

Ove Brudevoll, påtaleleder i Nordmøre og Romsdal politidistrikt

Politiinspektør, Ove Brudevoll.

Foto: Roar Halten / NRK

Sjåføren er sikta for brot på vegtrafikklova og for aktlaust drap. Bakgrunnen for siktinga er at politiet meiner bussen hadde alt for høg fart på den smale vegen.

– Vegen er veldig smal på ved ulykkesområdet og farta har vore alt for høg for ein buss. Det er vanskeleg å lukkast i den farta som bussen hadde, seier politiinspektør Ove Brudevoll.

– Kva baserer de desse funna på?

– Det er basert på funn på staden, fleire vitneobservasjonar både frå bilistar og andre på staden. Det som er gjort av tekniske undersøkingar passar godt med det vitna beskriv.

Vil rekonstruere bussulykka

Det står framleis att mykje etterforsking, blant anna teknisk etterforsking frå staden. Det kan også bli aktuelt med ei rekonstruering av ulykka.

– Rekonstruksjonen går ut på å stille opp ein tilsvarande buss og personbil for å sjå hendinga i lyset av vitneforklaringane, seier Brudevoll.

Kvifor gjer de det?

– Vi ynskjer å klarlegge årsaksforholdet. Det kan vere nyttig å visualisere det vitner har sagt ved hjelp av ein rekonstruksjon.

Erkjenner ikkje straffeskuld

Sjur Lange

Forsvarar Sjur Engelsen Lange seier den sikta tek avgjersla svært tungt.

Foto: Lars Ivar Nordal / NRK

Politiet seier det er store sprik mellom det den sikta har forklart og det vitner på staden har fortalt, men at vitna teiknar eit eintydig bilete av ulykka.

– Sjåføren vedgår ikkje straffskuld og meiner han har køyrt forsiktig. Det har vi derimot ikkje funne grunnlag for å konkludere med.

Vil anke varetektsfengslinga

I følgje forsvarar Sjur Engelsen Lange har den sikta teke avgjerda svært tungt og han vil no anke varetektsfengslinga.

– Den sikta tar det tungt at han ikkje har nådd fram med sitt syn på saka og at han no er blitt varetektsfengsla, seier Engelsen Lange til NRK.