NRK Meny
Normal

Bussjåførar etterlyser respekt frå skuleelevar – gruer seg til å gå på jobb

Bussjåførar fleire stader i landet rapporterer om store utfordringar med utagerande ungar på skulebussane. Politiet etterforskar no fleire saker på grunn av uro.

Arne Rasmussen

Arne Rasmussen er hovudverneombod i Tide.

Foto: Helene Vassbotten Lervik / NRK

Turen med skulebussen heim kan vere utfordrande både for elevar og bussjåførane. Fleire stader i landet har bråk og uro ført til at politiet har blitt involvert.

Nyleg blei ein bussjåfør i Kristiansund så lei av at elevane misbrukte stoppknappen at han nekta å sleppe av elevane før på siste stopp.

Hovudverneombod Arne Rasmussen i Tide seier fleire av hans medlemmer gruer seg til å gå på jobb som bussjåførar, fordi dei opplever kvardagen så tøff.

Politiet og busspassasjerar

Nyleg måtte politiet rykke ut til Kristiansund der ein bussjåfør nekta å sleppe av elevane før på siste haldeplass. Han skal ha blitt lei av dei misbrukte stoppknappen.

Foto: Jens Ødegård Henden

– Det er klart at når trykket på den enkelte sjåfør blir stort, og han føler det blir overveldande, så får han problem med å gå på jobb, seier Rasmussen.

Les også:

Ber om respekt for jobben

Bussjåførar fleire stader i landet rapporterer om bråk og uro på skulebussane. Nokre har sett seg nøydde til å setje inn vakter og arrangere møte med foreldra. Rasmussen seier bussjåførane etterlyser respekt.

– Når bussen køyrer begynner dei å dra i snora. Dersom bussen har ein "pling" og du får 40–50 "pling" mellom to haldeplassar, skaper det frustrasjon hos sjåføren. Du kan kalle det mobbing, eg meiner det er mangel på respekt, seier Rasmussen.

Politiet involvert

I Hardanger er ein annan bussjåfør under politietterforsking, fordi han skal ha slått til ein 14-åring, etter at det skal ha blitt trykt tallause gongar på stoppknappen. Fleire andre stader må politiet assistere for å få roa skuleelevar som driv hærverk og uro på skulebussane.

Ina Helene Østbye

Kommunikasjonssjef Ina Helen Østby i Unibuss seier at også dei har tilkalla politiet på grunn av bråk og hærverk på skulebussane.

Foto: Milana Knezevic / NRK

– Det har vore saker der eldre skuleelevar fysisk har halde bussen tilbake, brote opp bussdøra eller på andre måtar skapt trafikkfarlege situasjonar, stadfestar kommunikasjonssjef Ina Helen Østby i Unibuss.

Les også:

Meiner ikkje alle er eigna

Fleire av elevane som ikkje fekk sleppe av bussen i Kristiansund denne veka, meiner dei blei urettferdig behandla og at bussjåføren burde handtert situasjonen annleis.

Mia Brevik og Halvard Nasvik

Mia Brevik og Halvard Nasvik gjenopplever den spesielle bussturen måndag. Ein medelev filma då sjåføren nekta å sleppe dei av før på siste stopp.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Å dra dei alle over ein kam, det syns eg var litt barnsleg, seier Mia Brevik.

– Det er ganske irriterande at folk ikkje respekterer jobben hans, det skjønar eg, men han må tole litt, seier Halvard Nasvik.

Les også: