Den ferske bussjåføren set seg godt til rette i bussen og startar motoren. I innerlomma på den grøne uniforma ligg det to samanbretta A4-ark. Gløymer han desse og blir stoppa i trafikkontroll, får han køyreforbod.
– Desse må eg ha med dei neste ti åra. Eg er usikker på levetida til arka, seier Svein Harsjøen. Det tynne kopipapiret kan både bli vått, skite og det kan rivne. Og arka er upraktiske å bere med seg.
Reagerte med vantru
57-åringen pensjonerte seg som politi i april og starta som bussjåfør. For å kunne drive persontransport mot betaling må du ha ein køyresetel.
Det er denne køyresetelen Harsjøen har fått tilsendt i to A4-ark. Han trudde papira berre var midlertidige og at han seinare skulle få ein ny køyresetel som han kunne putte i lommeboka.
Svein Harsjøen vart pensjonist frå politiet i vår og då starta han som bussjåfør.
Foto: Remi Sagen / NRKMen tok han feil. For politiet ville ikkje lage eit lite dokument til han, slik andre bussjåførar har.
– Eg reagerte mildt sagt med vantru og tenkte at dette måtte vere feil, seier Harsjøen.
For han er det ikkje verdas største sak og inga krise, men han meiner det burde vere ei enkel sak å ordne for politiet dersom dei vil.
Leif Jarle Bergseth i Statens vegvesen seier at køyresetelen må vere med i bussen.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRKMå vise originalen
Den tidlegare politimannen kunne godt tenkt seg å berre ta bilete av arka, men det er ikkje godt nok, ifylgje Vegvesenet
Leif Jarle Bergseth, fagleiar i utekontrollgruppa til Statens vegvesen i Møre og Romsdal seier at den originale køyresetelen må vere med i bussen.
– Dersom papira ikkje er med under ein trafikkontroll får sjåføren køyreforbod, seier Bergseth.
Vegvesenet har nemleg ikkje tilgang til politiet sine system og får dermed ikkje sjekka registeret når dei er ute på kontrollar.
Marianne Aae er politiinspektør ved Møre og Romsdal politidistrikt. Ho forstår at det er upraktisk med papirark og vil no ordne opp.
Foto: PrivatPolitiet ryddar opp
Det er ikkje berre Harsjøen som er oppgitt over å måtte ta med papira på jobb. Fleire misnøgde bussjåførar har tatt kontakt og politiet tar sjølvkritikk.
– Vi ser at det er upraktisk å gå rundt med arka. Og det medfører stor slitasje, slik at dei fort går i oppløysing, seier politiinspektør Marianne Aae.
Grunnen til at det har blitt slik er at politiet i Møre og Romsdal la om systemet sitt i starten av 2022. Dei som søkte om køyresetlar i det tidsrommet fekk dokumenta i A4-format.
Politiet har tidlegare sagt nei til å lage nye dokument på grunn av stor pågang, men no vel dei å imøtekome sjåførane.
Vil ha digital løysing
Dermed blir Svein Harsjøen bønhøyrt. Han kan søke om å få ny køyresetel på storleik med eit førarkort. Det set han pris på, men han meiner systemet burde ha vore endå enklare.
Han vil gjerne at løyvet til å køyre buss blir ført opp i førarkortet hans, som han har digitalt på mobilen.
– Vi lever i 2022. Vi lever ikkje i 1922 eller 1962. Sørg for å få det inn i eit moderne format, seier Harsjøen.
Svein Harsjøen meiner køyresetelen for bussjåførar må kome inn på førarkortet. Dermed blir det også digitalt.
Foto: Remi Sagen / NRK